NLR Vest har ledig stilling som Rådgjevar i jord- og plantekultur grovfôrdyrking (100 %)

13.06.2019 (Oppdatert: 13.06.2019)

I Sogn og Fjordane har vi ledig fast stilling for rådgjevar med kompetanse på grovfôrdyrking. Vi ynskjer primært å plassere stillinga ved kontoret vårt på Sandane, men plassering på Leikanger kan også vere aktuelt. Rådgjevaren vil vere knytt til faggruppe jordbruk, og vil arbeide i eit allsidig landbruksmiljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving, med fokus på god agronomi, miljø- og klimavenleg produksjon. Rådgjevarane i NLR Vest skal vere gode støttespelarar for medlemane, slik at dei oppnår store grovfôravlingar av god kvalitet. Søkjarar med lite eller ingen praksis som rådgjevar, får tilbod om opplæring og oppfølging.

Rådgiving ute

Arbeidsoppgåver:

 

  • Rådgjeving til medlemane i NLR Vest

  • Vidareutvikle rådgjevingstilboda i regionen saman andre rådgjevarar og samarbeidspartnarar

  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk

  • Informasjonsverksemd


Vi tilbyr:

 

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa

  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning

  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar

  • Løn etter avtale

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi ynskjer ein medarbeidar med:

 

  • God kunnskap innan jord- og plantekultur, spesielt grovfôrproduksjon

  • Spesiell interesse for fagområda økologisk landbruk og kulturlandskap er ein fordel

  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan agronomi, gjerne med praktisk erfaring

  • Interesse for å utvikle landbruket i regionen

  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.

 

Om arbeidsgjevaren

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er størst på landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet. Regionen strekkjer seg frå Sunnmøre til Sunnhordland. Vi har om lag 30 rådgjevarar med ulik kompetanse og tilbyr allsidig rådgjeving innan jord- og hagebruk, bygningsplanlegging, økonomi og næringsutvikling, HMS, miljø, kulturlandskap og økologisk landbruk. Vårt mål er å vere bonden sitt fyrsteval på rådgjeving.

 

 

Søknadsfrist: 30. juni 2019

For meir informasjon om stillinga, kontakt:

fagleiar jordbruk Dag-Arne Eide,  

dag-arne.eide@nlr.no  mob. 95812790

eller dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no , mob. 98245830.

 

Søknaden skal sendast på e-post til NLR Vest SAvest@nlr.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.