Nytt SNOP-kurs startar 12. des på Bjørkheim Kro og Motell

04.10.2019 (Oppdatert: 04.10.2019)

Treng du fleire bein å stå på for å sikra økonomien på garden? I samarbeid med Fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge, hjelper rådgjevarar frå NLR Vest SA deg gjennom utviklingsprosessen på garden din.

Glade deltakarar på SNOP-kurs

Anten du skal overta gard, ynskjer å utvida eksisterande drift, starta ny næring innanfor tradisjonelt landbruk eller ei attåtnæring på garden, hjelper me deg å utvikla ein komplett forretningsplan.

Forretningsplanen er eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisera dei. Det er og eit styringsdokument som hjelper deg å halda stø kurs mot målet.

 

Ein forretningsplan styrkjer dine moglegheiter når du skal:
•Søkja byggjeløyve
•Få lån til investeringar
•Søkja tilskot
•Oppnå suksess
Delar av kurset er nettbasert (videoførelesing)

Kurset vert toppa med eksursjon til bønder i nærområdet.

 

Dette får du:
•Komplett forretningsplan
•Driftsplan
•Kursbevis
•God oppfølging under og etter kurset
•Hjelp til søknadar
•Utvida nettverk

 

Historikk og framtidsplanar

NLR Hordaland hadde det første næringsutviklingskurset sommaren 2012. Dette var eit NUG-kurs (Næringsutvikling på Gården), med forelesarar frå NLR sentralt og Norges Vel. Etter det fyrste kurset utvikla vi i NLR Vest vårt eige næringsutviklingskurs basert på eigne ressursar og lokale gjesteforelesarar, og har til no hatt 5 svært vellukka SNOP-kurs.

Totalt har 82 personar delteke på SNOP-kurs sidan 2013. NUG kurset i 2012 hadde 10 deltakarar.

Kurset er framleis i utvikling og i 2018 testa vi for fyrste gong ut ein nettbasert del av kurset. I år er fleire delar blitt nettbaserte, noko som gjer det enklare å tilpassa kurset til jobb, familie og fritid for alle deltakarar.

 

 

SNOP 2019

Kurset startar 12. desember på Bjørkheim Kro og Motell i Samnanger

Kurset går over 5 kursdagar, nettbaserte delar og tett oppfølging i 1 år frå kursstart.
Før kurset startar må alle deltakarar ha gjennomgått 2 nettbaserte delar.

Nettbaserte delar:
Kap. 1, 2, 3, 5 og 6 i forretningsplanen (Innleiing til forretningsplan)
Kursdagar på
Bjørkheim Kro og Motell:
Kap. 4 og 7
12.12.19: BMC
13.12.19: Ekskursjon
14.12.19: Forretningsmodell
25.01.20: Økonomi
26.01.20: Budsjett
Alle dagar frå 1000-1600
Oppfølging på e-post og telefon

 

Pris: 13200,- (ikkje medlem)
Medlemspris: 1 pers: 7900,-
2 pers frå same bruk: 13800,-

 

Påmelding

 

For meir informasjon

Kontakt kursleiar Ester Helland på
•mobil: 98245842
•e-post: ester.helland@nlr.no

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.