Nye medlemstenester i NLR Vest

04.03.2019 (Oppdatert: 04.03.2019)

Vi har laga til rådgjevingspakkar og nye tilbod til nye medlemar. Sjå om du finn noko du kan ha nytte av!

 

Nye medlemstenester i NLR Vest


1. Maskinteknikk/presisjonslandbruk

• Investeringsråd. Rettleiing til investeringar på garden, hjelpe til med å finne riktige maskiner i samband med enkeltinvesteringar eller større vurderingar av heile mekaniseringslinjer.
• Presisjonslandbruk. Er du nysgjerrig eller vurderer å investere i presisjonslandbruksutstyr? Vi kan hjelpe deg med å kome i gang eller utvide dersom du alt har noko utstyr. Vi kan hjelpe til både med kjøp og med å ta utstyret i bruk.
• Utnytt maskinene dine betre. Har du reiskap eller traktor du ynskjer å utnytte betre? Har du investert i nytt eller brukt utstyr? Vi kan hjelpe til med innstilling og igangsetjing. Døme kan vere vendeteigsautomatikk på traktor, finne riktige dekktrykk, GPS, innstilling av slåmaskiner eller river.
• Tilpassing av tåkesprøyte – bruk av UV-lys for å teste dekning av sprøytevæska, råd om val av køyrefart og dyser, opplæring av nye dyrkarar.

Medlemspris per rådgjevingstime. Forventa tid 1-3 timar.

 

2. NLR pluss Bær NLR pluss Morell
Tre medlemsbesøk, gratis uttak av bladprøver og skriftleg tilbakemelding innan 48 timar etter besøk. Høver for dei som ynskjer tett oppfølging, jamleg sjekk av felt og auka fokus på løysing av faglege utfordringar.

Kort skriftleg rapport etter kvart besøk.

Grunnpris kr 3500 (med fleire kulturar, og/eller stort areal, utvidar vi pakken etter avtale.)

Tinging av avtale hjå din lokale rådgjevar!

3. NLR pluss Grovfôr
Tre besøk i løpet av vekstsesongen, vurdering av jord, plantevekst, slåttetidspunkt, ugrasmengde, fornying, reparasjon mm.

Besøk 1: Tidleg om våren. Gå over arealet og vurdere tiltak i eng/beite framfor ny sesong. Fornying/reparasjon av eng m.m.

Besøk 2: Før 1. juli. Vurdere tilstanden i eng og attlegg, ugras, slåttetidspunkt, gratis uttak av grasprøve før slått, gjødsling etter 1. slått m.m.

Besøk 3: Etter siste slått. Oppsummering av sesongen. Vurdere tiltak som haustsprøyting mot ugras, kveketilstanden, brakking, gratis uttak av fôrprøve m.m.

Kort skriftleg rapport etter kvart besøk.

Grunnpris kr 3500 (pris kan avvike frå dette etter avtale)

Tinging av avtale hjå din lokale rådgjevar.

 

 

Vil du bli medlem?

HER finn du meir informasjon om medlemskap og priser

 

Dei andre tenestene våre finn du oversikt over HER

 

Du kan også kontakte oss på 98 24 58 38 eller vest@nlr.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.