Ny klimastasjon på Hauge

13.05.2019 (Oppdatert: 13.05.2019) Rune Vereide

Denne veka har NIBIO vore på plass på garden Hauge, ein kilometer utanfor Sandane, og montert ny stasjonær klimastasjon. Dette som erstatning for den manuelle stasjonen som meteorologisk institutt har hatt på garden sidan 1957, men som ein no ikkje hadde økonomi til å drifte vidare, når dei manuelle stasjonane skulle fasast ut.

Løysinga vart at ein frå lokalt hald greidde å spleise Met. Inst. med NIBIO, som er ansvarleg for Landbruksmeteorologisk teneste (lmt), som også har klimastasjonar kringom i heile landet. Begge etatar hadde råd til ein halv klimastasjon kvar, og som kjent er ½ klimastasjon + ½ klimastasjon lik 1 heil klimastasjon. Dermed hadde dei to etatane saman økonomi til å setje opp ein splitter ny heilårs-stasjon som skal forsyne både Met. Inst. og NIBIO med klimadata!

Biletet viser klimastasjonen under montering. Her blir det målt vindhastigheit, nedbør, lufttemperatur, luftfuktigheit, solinnstråling og jordtemperatur i tre ulike djupne. Regnmålaren er den fyrste i sitt slag som blir teken i bruk her i landet. Den måler nedbør som akkumulert vektauke i beholdaren med 0,1 grams nøyaktigheit. Dermed slepp ein å ta omsyn til fordamping ved berekning av nedbørsmengder. Etter kvart blir data frå denne stasjonen å finne både i VIPS-systemet og på Met. Inst. sine sider.

Den nye klimastasjonen vil dermed halde fram å levere verdifulle veropplysningar i ei tid med auka interesse for klimautviklinga, og er eit lysande eksempel på at samarbeid mellom fleire etatar kan resultere i eit glimrande resultat!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.