Bli med i mentorordningen Bonde hjelper bonde!

28.11.2019 (Oppdatert: 29.11.2019)

Mentorordningen Bonde hjelper bonde går ut på at du som er fersk bonde eller skal i gang med ny produksjon, gjer en formell avtale gjennom mentorprosjektet om å få ein mentor som diskusjonspartner i drifta gjennom ett år. Ordningen omfatter alle produksjoner, også Inn på tunet, lokal foredling m.m.

Anne Rita Kalvøy Boge og Kjell Erik Boge driv med geitmjølksproduksjon på 65-70 geiter, og tok i 2015 over drifta av garden Boge i Guddal som ligg i Fjaler Kommune etter foreldra til Kjell Erik. Dei er eit av 16 par unge bønder som i 2018 har vore med i mentorordningen "Bonde hjelper bonde" i Sogn og Fjordane. Anne Rita og Kjell Erik bygde nytt hus i 1998 og busette seg på garden. Meininga har heile tida vore å overta og drive vidare med geit, og ynsjer å auke mjølkeproduksjonen og satse på garden som arbeidsplass framover. Dei har leigd mjølkekvote, og har samla 51.000 liter. Det er også fire andre geitmjølksprodusentar i området. Mentorar har vore Else Karin og Terje Vedå som driv med geit i Gulen Kommune på Kringla. Dei starta med 60-70 geiter i ein eldre båsfjøs for geit som var vanleg tidlegare. Frå 2003-2012 var dei i samdrift med nabo, og dei bygde på og utvida fjøsen med plass til 156 geiter. Else og Terje er aktive innan geitehaldet, og vore med på geit -og kjekjøttskule opp gjennom åra. Dei er opptekne av avl, og insemenerar ein del geiter og har bukkekje til kåring.                                                                

Geitenæringa har vore gjennom store endringar seinare år med sanering av buskapane for sjukdommane CAE (geitas ledd- og hjernebetennelse), byllesjuke og paratuberkulose. Else og Terje sine geiter var ein av svært få buskapar i landet som var fri desse sjukdommane, og har levert mykje livdyr til andre geitmjølksprodusentar. Det har også vore store endringar innan mjølkekvalitet, og særleg innan dette med frie fettsyrer i geitmjølk. Etter at ein satsa på bukkar med sterke eigenskapar for lågt innhald av frie fettsyrer, og brukar bukkar med sterke gen for frie fettsyrer er dette eit lite problem no. Else og Terje meinar dette er den viktigaste årsaka til at ein fekk ned frie fettsyrer i geitmjølk, og no er mest alle bukkar gentesta. Geitmjølka har ein svært god kvalitet der ein kan bruke mjølka til fleire gode produkt. Else og Terje har vore med på utviklinga, og har mykje erfaring og kunnskap om geitehaldet.                                      

Anne Rita og Kjell Erik hadde ynsje om Else og Terje som mentorar, og meinar dette var viktig for prosjektet at dei har god kjemi og kan diskutere det meste. Dei var på oppstartsamling på Skei i Jølster i januar, og her gjekk dei gjennom kor tid dei møtast, og kva som var viktig for dei unge bøndene å få diskutere og sjå på i driftsopplegget til Else og Terje. Første møte var hjå Anne Rita og Kjell Erik, og dei gjekk gjennom praktiske rutinar i fjøs og dyrestell. Det var også viktig å bli godt kjende med kvarandre. Etter dette var det besøk hos Else og Terje, og såg på driftsopplegget hjå dei og utveksla erfaringar. Dei har vore saman på fagmøte noko Else og Terje meinar er viktig for eigen kunnskap, og for å komme inn i fagmiljøet. Ellers er dette med å få andre utanfrå som har same produksjon, og kan sjå med nye auge på drifta viktig då ein lett gror fast i rutinar og gjere ting slik det alltid har vore. Else og Terje seier dette har vore intressant, og at dei kan vere med å hjelpe unge bønder har også gjeve dei eit løft i sitt driftsopplegg, og det har vore erfaringsutveksling begge vegar. 

Ellers har dei hatt mykje telefonkontakt, og dei unge bøndene har sett stor pris på at dei kan ringe Else og Terje når dei har spørsmål eller når det har vore utfordringar i drifta. Avlsarbeid, kåring og bruk av bukkar samt korleis ein kan bruke aktuelle lister i Geitekontrollen har vore mykje diskutert, og Else og Terje har hatt god kunnskap om dette.

Anne Rita og Kjell Erik er godt fornøgd med opplegget, og at dei sjølve kan styre tidspunkt og tema. Dei vil tilrå at også andre nye bønder nyttar seg av ordninga og får ein mentor. Dette med å få snakke med nokon når ein treng det, og som kjenner kvardagen og utfordringar i drifta og kan diskutere og finne løysingar saman har vore svært viktig og ført til ein rolegare kvardag. Det kan ofte vere slik at ein har store forventingar til seg sjølve som nye bønder. Dei har også hatt det fint sosialt og fått eit godt vennskap som dei vil vidareføre i framtida.

Søknadsfristen er 1. desember, og du finn søknadsskjema på nettsidene til NLR.

Regional oppfølging

Alle mentorpar blir tilknyttet en regionkontakt i NLR. Før dere setter i gang får dere opplæring i hva opplegget går ut på og hva det vil si å være mentor. Opplæringen skjer regionvis der mentorer, unge bønder og regionkontakter i NLR møtes.

Mentorparene inngår en avtale som innebærer kommunikasjon og møter gjennom ett år. Mentor mottar 8000 kroner for arbeidet etter gjennomføring.

Gode tilbakemeldinger

– Mentorordningen har fungert veldig godt i de to årene den har vært i drift. Vi ser at mange har stort utbytte av å delta. Dette er et gjennomarbeidet opplegg med opplæring av mentorer og oppfølging gjennom året, sier Mette Feten som er nasjonalt ansvarlig i NLR.

Ønsker du å delta i mentorordningen i 2019 finner du søknadsskjema her.

Søknadsfrist er 1. desember.  Vi har plass til 15 par i Vestland fylke.

 

 Les også:

Betre bønder med mentor 

- Litt tilfeldig vart Lillian og Steinar frå Voss ein del av mentorordninga til Norsk Landbruksrådgiving. Eit år seinare takkar dei både mentor Kjetil og NLR for eit lærerikt år.

 

Meningsfull mentorveiledning

Lærer mer om ullen lidenskap 

Bedre bær med mentor

Bonde hjelper bonde i mentorordning (Nationen)

Vil du bli med i mentorordninga i landbruket? (Landbruks- og matdepartementet)

Mangler du kårkall? Søk om mentor (Norsk Landbruk)



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.