Maskinførarkurs på Sandane

21.02.2019 (Oppdatert: 22.02.2019)

Det vert maskinførarkurs 28. -31. mars. Stad: Gloppen Hotell, Sandane. Kurset er eit 32-timars teorikurs og grunntrening retta mot alle som skal køyre gravemaskin eller andre masseflyttingsmaskiner. Kurset er eit teoretisk minstekrav for å få maskinførarbevis. Eit bestått kurs vil gi godkjend teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar.

Kurset er eit 32-timars teorikurs og grunntrening retta mot alle som skal køyre gravemaskin eller andre masseflyttingsmaskiner. Kurset er eit teoretisk minstekrav for å få maskinførarbevis. Eit bestått kurs vil gi godkjend teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar.

 

Pris 15-19 deltakarar kr 6 500,-/ 5 500,- (medlem i NLR)

Pris 20-24 deltakarar kr 6 000,-/5 000,- (medlem i NLR)

Pris over 25 deltakarar kr 5 500,- / 4 500,- (medlem i NLR)

Prisen er inkludert grunntrening på fleire maskintyper.

Rabatt for medlem i NLR gjeld også ektefelle/dotter/son/tilsett.


Kontaktperson: Dag Erik Hauge; tlf. 976 59 609 eller dag.erik.hauge@nlr.no

Arrangør NLR Vest. Fagleg ansvarleg KTO

 

16 år: Du kan ta teorikurs og eksamen

17 år: Du kan øvingskøyre om du har bestått teorikurs

18 år: Du kan køyre opp

Praksiskrav:

Eit bestått maskinførarkurs vil gi godkjend teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar. For å få rett til å køyre desse maskinene må ein gjennomføre ein praktisk køyreeksamen per maskintype.

Praktisk køyreeksamen skjer etter nærare avtale.

Praksiskravet er minimum 40 timar praktisk bruk per maskintype. Denne praksisen må bli dokumentert av ein fadder som anten er ein godkjent maskinførar med kompetansebevis/fagbrev eller minst 3 års erfaring/praksis med aktuelt utstyr. Den einskilde deltakar må sjølv sikre seg tilgang på fadder.

Ved bestått praktisk og teoretisk prøve vil ein få maskinførarbevis. Det er ikkje krav om at praktisk eksamen må takast innanfor eit gitt tidsrom etter bestått teoretisk prøve.

Ta kontakt om du har spørsmål.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.