Kurs i tiltak mot smågnagarar

31.10.2019 (Oppdatert: 12.11.2019)

I november og desember blir det helde smågnagarkurs i heile området til NLR Vest. Her finn du kurset nærast deg, og lenke til påmelding.

Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel.

 

Vilkåra for å få autorisasjon for kjøp og bruk av gnagarmidlar er at ein:

  • har gyldig plantevernmiddelautorisasjon
  • har gått på tilleggskurs for gnagarbekjemping og har bestått eksamen
  • eig eller leiger ein landbrukseigedom

Autorisasjonen skal nyttast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom, veksthus inngår i dette.

 

Kurset er 5 timar teori + 1 time eksamen. Kursstart kl 9.30.

I 2019 tilbyr vi følgande kurs:

  • Bjørkheim Kro og Motell 14. november 
  • Kvinnherad rådhus, Rosendal 15. november
  • Brattvåg, Ingebrigt Davik-huset 21. november
  • Voss vandrarheim, Peter Bondesveg 40, 25. november
  • Lægreid hotell, Sogndal 26. november
  • Nordfjord hotell, Eid 29. november
  • Eidså, Eidsåtun 5. desember

 

Prisen er inkludert kursmateriell, mat og eksamensgebyr (eks. mva):

Pris for medlem kr 1900,-
Pris for andre kr 2700,-


Meld deg på her.


For å sikre at vi får nok bøker til kursa har vi påmeldingsfrist 1 veke før kurset du skal delta på.

Har du spørsmål, kontakt kursansvarleg:

Mari Aker: 98245840, e-post: mari.aker@nlr.no (Lofthus og Voss)
Leif Trygve Berge, tlf 982 45 839, e-post: leif.trygve.berge@nlr.no (Bjørkheim og Kvinnherad)
Rune Vereide, tlf 901 69 501, e-post: rune.vereide@nlr.no (Sogn og Fjordane)
Olav Martin Synnes, tlf 995 73 688, e-post olav.martin.synnes@nlr.no (Sunnmøre)



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.