Kurs i regenerativt jordbruk for husdyrhald og fruktproduksjon

28.10.2019 (Oppdatert: 28.10.2019)

Landbruket må tilpasse seg eit endra klima, og bidra til reduksjon av utslepp av klimagassar. Korleis gjer vi det, og kan vi gjere landbruket meir klimapositivt?

Foto: Frøydis Linden og Jorunn Hanto-Haugse

Ved å auka fruktbarheita i jorda og betre jordstrukturen, kan vi truleg binde meir karbon i jorda. Prinsippa for regenerativt jordbruk har dette som målsetting. Gjennom to kursdagar i byrjinga av november vil du kunne bli med og undersøke korleis regenerativt jordbruk kan tilpassast vestlandsjordbruket.

Stad: Store Ringheim Gard, Voss
Måndag 4.nov og tysdag 5.nov
Målgruppe: bønder, rådgjevarar, forvaltning, vegleiarar og andre fagfolk med interesse for landbruk 
Frist: 25.oktober
Tidleg påmelding innan 15.oktober: heile kurset for kr 400/kr 1200
Arrangør: NLR Vest i samarbeid med Voss kommune, Njøs Næringsutvikling og Fylkesmannen i Vestland
Pris: kr 250/dag for bønder; kr 800/dag for alle andre. 
Gratis kveldsmøte 4. november kl. 19:30-21:00 på Ringheim gard

Landbruksrådgjevarane Martin Beck frå Danmark og Vibhoda Holten frå Noreg har arbeidd for å tilpasse prinsippa for regenerativt jordbruk til skandinaviske tilhøve, etter ein modell frå Austerrike. Dei er inviterte til å halde eit kurs for vestlandsjordbruket om regenerativt landbruk, med innretting på grovfordyrking og langvarig eng, samt fruktdyrking. Det er høve til å bli med på heile eller delar av programmet. Rådgjevarar frå Landbruksrådgivinga Vest på Voss vil delta med sine røynsler.

Sjå fullstendig annonse, med presentasjon av førelesarar

Annan Informasjon:

Treng du overnatting kan Store Ringheim tilby dette (max 15 rom):
overnatting m/frukost: kr 1520,- pr natt for enkeltbuande
kr 1015,- pr pers pr natt ved to i rommet.
3 rettar middag om kvelden kr 525,- per person.
Bestilling skjer direkte til www.storeringheim.no, Booking Store Ringheim booking@storeringheim.no

Alternativ overnatting på Voss: Haugo Utleige eller sjå Visit Voss

For spørsmål:
Voss kommune: Kari Mostad, mob: 97 99 71 50, kari.mostad@voss.kommune.no
Fylkesmannen i Vestland: Frøydis Linden, mob: 905 52 194, fmhofli@fylkesmannen.no
NLR Vest: Gunnlaug Røthe, mob: 98245835, gunnlaug.rothe@nlr.no
Njøs Næringsutvikling: Liv Hatleli Gilpin (Frukt), mob: 41696913, liv@njos.no

Påmelding

Ope kveldsmøte for Vossabonden:

Karbonfangst og klimatiltak i vossalandbruket

Inspirasjonskveld for regenerativt jordbruk med vekt på eng. Eksempel frå eit husdyrbruk i Hallingdal.

 

Tid: Måndag 4. november 19.30-21.30

Stad: Ringheim gard, Voss

 

4-5. november arrangeres det kurs i regenerativt jordbruk på Voss. Førelesarane stiller på eit kveldsmøte for bøndene som ikkje har høve til å setje av to dagar til kurs. Denne kvelden får de eit komprimert samandrag av kurset.

 

19.30     Kaffi og velkomen

19.40     Kvifor er karbonfangst viktig for vossabonden? Vossaprosjektet v/Arnfinn Gjerdåker

19.55    Praktiske tiltak for å måle og forbetre jordfruktbarheit i eng v/Vibhoda Holten og Martin Beck

20.30    Praktisk døme frå husdyrbruk i Hallingdal v/Kjell Borge, Gol

21.00    Diskusjon "vegen vidare for Vossalandbruket" og avslutning



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.