Krav om jordprøver og gjødslingsplan

17.10.2019 (Oppdatert: 17.10.2019)

Bøndene har mange krav og pålegg å forhalde seg til. Både kommunar, Fylkesmannen, KSL m.fl forvaltar regelverk som bønder må kjenne til.

Norsk Landbruksrådgiving (tidlegare forsøksringen) hjelper til på fleire av desse områda. No om hausten er jordprøvetaking ein del av arbeidet i NLR. Jordprøvene i gjødslingsplanen kan vere inntil 8 år gamle. Både kommunane og KSL kontrollerer om du har gjødslingsplan i orden. Kommunen dreg inn ein del av produksjonstilskotet ved manglande gjødslingsplan. Såleis er det viktig å følge med slik at jordprøvene og gjødslingsplanen blir fornya i tråd med regelverket. NLR Vest hjelper til med dette.

 

Dersom du ikkje er medlem i NLR, og vil ha hjelp til å få teke jordprøver og laga ny gjødslingsplan, så har du ulike alternativ:

  • Du kan melde deg inn HER. Då tek vi kontakt med deg for nærare avtale.
  • Du kan ringe nummeret til NLR Vest: 98245838, eller sende e-post til: vest@nlr.no 
  • Du kan ringe direkte eller sende e-post til ein rådgjevar i nærleiken. Sjå oversikt over TILSETTE.
  • Unntaksvis tek NLR Vest jordprøver og lagar gjødslingsplan til bønder som ikkje er medlemar, men då til ein høgare pris. Her finn du PRISANE våre.


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.