Klimabonden- Klimaklokt landbruk på Vestlandet

27.09.2019 (Oppdatert: 04.10.2019)

Her finn du fem fine filmar som viser korleis du som bonde kan gjere klimatilpasningar i praksis! Prosjektet "Praktiske klimatiltak i landbruket i Meland" handlar om klimatilpasning basert på lokale tilhøve. Gjennom prosjektet ønskjer ein å samle erfaringar frå aktive bønder og forsking for å finne praktiske tiltak som har overføringsverdi til andre bønder i kommunen og regionen. Dette har ein gjort via "Klimabonden", ei rekke småfilmar der Klimabonden viser korleis dette kan gjerast i praksis og kva som er lurt å vere bevisste på. Målet er å dele erfaringane og dei praktiske tiltaka på ein lett tilgjengeleg måte til inspirasjon og lærdom for andre.

Det våte klimaet, kombinert med mykje myrjord, har alltid gjort at det er krevjande å vere vestlandsbonde. Klimaendringar, med meir ekstremver og nedbør i vekstsesongen, har gjort det endå vanskelegare. Fleire bønder klarar likevel å lukkast sjølv i uår med mykje ekstremver. Kva slags tiltak gjer desse bøndene for å møte klimaendringane, og korleis vidareformidle desse erfaringane på ein god måte?

 

Landbrukskontor og rådgjevingstenesta føler ofte at ein manglar verktøy for å formidle kunnskap til bøndene på ein enkel og effektiv måte. Klimatilpassing er eit stort og vidt begrep, og ein treng praktiske døme for å vise kva dette vil seie. For å nå målet, er det planlagt å formidle dei erfaringsbaserte tiltaka gjennom videosnuttar der ein syner bønder som gjer dette i praksis. Gjennom video kan ein tydeleg få vist både korleis og kvifor ein bør gjere ting på andre måtar for å tilpasse seg endringane i klimaet. Ved å ta i bruk sosiale medium og video, kan erfaringsbasert kunnskap frå bønder gjerast tilgjengeleg for andre bønder.

 

 

 

 

 

Om prosjektet

Prosjektet starta opp hausten 2018 og skal etter planen jobbast med fram til desember 2019. I løpet av prosjektperioden vil forvaltninga, bønder og rådgjevingstenesta gå saman og kartlegge gode klimatiltak for landbruket og formidle desse gjennom videosnuttar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Meland kommune, bønder i Meland, Norsk Landbruksrågiving Vest og Nordhordland UNESCO Biosfære, i tillegg til støtte frå Fylkesmannen i Vestland og Hordaland fylkeskommune. 

 

Kontaktperson for prosjektet er Laila Bjørge, landbrukssjef i Meland kommune.

 

Filmane finn du og på Youtube

 

Klikk på biletet under for å sjå interaktiv brosjyre:

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.