Jordprøvesesongen startar opp!

21.08.2019 (Oppdatert: 06.09.2019) Dag-Arne Eide

Treng du nye jordprøver i år, eller eventuelt ny gjødslingsplan for 2020? Leit fram planen din og les informasjon her!

Vanlegvis brukar NLR Vest mykje tid til jordprøvetaking om hausten, så også i år. Vi prøvar å kome i gang umiddelbart, og likar oss best på fineversdagar utover hausten. Som vanleg lagar vi lister over dei medlemar som i følge våre registreringar treng nye prøver. Jordprøvene i gjødslingsplanen skal ikkje vere eldre enn 8 år. Hovudregelen blir at vi i haust tek jordprøver med alle som har prøver frå 2011 eller eldre. Dei ha nye prøver i år. I tillegg vil vi kontakte alle som har gjødslingsplanar som er laga i 2015 eller før. Dei ha ny gjødslingsplan. Dei fleste av desse kan også trenge nye jordprøver.

 

Sjekk alder på plan og jordprøver!

Det er alltid bonden som er ansvarleg for å ha ein oppdatert gjødslingsplan, men vi prøvar å halde oversikt over både siste jordprøveår og siste gjødslingsplanår hjå alle medlemar. I dag er det svært vanleg at det skjer endringar i areal i form av leigejord som kjem inn i åra mellom kvar gong NLR lagar ny gjødslingsplan. Fleire sluttar med husdyr og blir utan husdyrgjødsel. Slike tilfelle kan vi ikkje ha full oversikt over. Difor må vi oppmode om at de tek kontakt med oss om de vil ha jordprøver og gjødslingsplan "utanom tur".

Jordprøvetaking kostar 250 kr for oppmøte på garden, pluss 100 kr pr. prøve i uttak. Analysekostnaden kjem i tillegg. Analyse av kvar prøve kostar rundt 250 kr, litt avhengig av type analyse og tal prøver frå kvart bruk.

 

For medlemar kostar jordprøvetaking 250 kr for oppmøte på garden, pluss 100 kr pr. prøve i uttak. Analysekostnaden kjem i tillegg. Analyse av kvar prøve kostar rundt 250 kr, litt avhengig av type analyse og tal prøver frå kvart bruk.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.