Helikopterkalking av beite, våren 2020

17.12.2019 (Oppdatert: 31.01.2020)

Ynskjer du kalking av bratt areal med helikopter? Våren 2020 blir det tilbod om helikopterkalking.

Helikopterkalking er eit tilbod som er tilgjengeleg annakvart år. NLR Vest tek imot bestilling av kalk og Pegasus Helicopter AS tek seg av spreiejobben. Kalken blir levert av Franzefoss Minerals, som og står for logistikken.

 

  • Me planlegg helikopterkalking i mars-april 2020.
  • Vanleg dosering er om lag 350 kg per dekar.
  • Pris over 500 tonn: kr 2350,- per tonn ferdig spreidd
  • Dersom det vert bestillingar totalt på under 500 tonn, må det heile utsetjast elles vert det høgare pris:300-500 tonn: tillegg på 200,- per tonn ferdig spreidd, 100-300 tonn: tillegg på 500,- per tonn ferdig spreidd
  • Bestillingsfrist kjem seinare.
  • Me har tidlegare år berre gjeve tilbod til Sunnhordland, men det ser no ut til at me kan bevege oss litt nordover, men det er avgjerande at etterspurnaden er stor nok.

  

Du kan få meir informasjon og bestille ved å ta kontakt med oss:

 

Helena Elvatun

986 91 722 - helena.elvatun@nlr.no

Asbjørn Ramsli

941 42 877 - asbjorn.ramsli@kalk.no

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.