Førstehjelp er ferskvare - kurs deg no!

18.11.2019 (Oppdatert: 18.11.2019)

Kunnskap om førstehjelp kan vere avgjerande dersom ulykka er ute. Alle på garden bør kunne livreddande førstehjelp. Vi arrangerer kurs i Sogndal 5. desember. Kurset er særskilt retta mot landbruk, og dekkjer KSL- krav om oppdatert beredskap på garden.

Kurset er etter mal frå Norsk Førstehjelpsråd, og legg vekt på dei grunnleggande førstehjelpsprinsippa. Kurset er retta spesielt mot landbruket; korleis få til førstehjelp når ein jobbar åleine, kva kan du sjølv gjere med eigne skader, korleis sikre skadestad i ein binge med storfe, korleis handtere fare for gass eller oksygenmangel? Landbruket er ei utsett næring med relativt mange alvorlege skadar, difor er og aktiv førebygging ein del av kurset.
 
Har du gått kurs før? Hugs at førstehjelp er ferskvare og skal ytast i ein kritisk situasjon – Din innsats kan redde liv!
 

Kurset tek føre seg:

Førstehjelp-sjølvhjelp-førebygging

- Sikring av skadestad
- Hjarte- og lungeredning
- Sirkulasjonssvikt
- Handtering av sår og kuttskadar
- Praktiske øvingar

 


Pris: HMS-avtale 500 kr,  medl NLR 700 kr, andre 1000 kr.

Kontakt: Kolbjørn Taklo, kolbjorn.taklo@nlr.no, 913 96 560

Påmelding via påmeldingsskjema.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.