Gratis datakurs for medlemar

20.12.2019 (Oppdatert: 20.12.2019)

Om du er medlem hjå oss, får du no moglegheit til å få betre kompetanse på data, heilt gratis! Kurset er spesielt tilpassa gardbrukarar, og går gjennom mykje av det du som gardbrukar treng å kunne, mellom anna altinn og skjemainnsending. Kurset er både for dei som aldri har opna ein data før, og for dei som er godt i gong, men kunne tenke seg å lære meir.

Opplæringstilbodet er profesjonelt utarbeidd i samarbeid med Folkeuniversitetet. Norsk Landbruksrådgiving har fått midlar til kurset som dekkar kursavgifta. Kurset vil gje deg auka kompetanse, sikre større tryggleik for arbeidsplassane og føre til endå betre drift.

Du treng eigen data på kurset. Nytt høve og meld deg på kurs no!

Og du, om du kjenner nokon som ikkje ser dette fordi dei ikkje brukar data, tips dei og hjelp dei med å melde seg på!

 

 

 

Dette lærer du:


• Windows og Microsoft Office
• E-post – korleis bruke e-post, opne vedlegg i e-post
• Utarbeide rapportar og handsaming av tabellar
• Datatryggleik
• Dei viktigaste symbola og ikona på skjermen
• Nettvett, (nettbank, passordtesting, anti-virus)
• Om nyttige nettsider
• Sikkerheitskopiering av data
• Facebook og sosiale medium

 

Om kurset


Kurset er på 30 timar, og det vil vere undervisning ein gong i veka i 8 veker.


Kursstart: Torsdag 30.01.2020
Klokka: 17.00 – 21.00
Kursstad: Eivindvik og Eid vidaregåande skule

 

Kjenner du nokon som burde gå på kurset, men som ikkje klarer å melde seg på via data? Be dei ringe 982 45 838, så melder vi dei på. 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.