Autorisasjonskurs i plantevern

21.11.2019 (Oppdatert: 06.12.2019)

For å kjøpa og bruka plantevernmiddel i produksjonen på garden, eller på ein arbeidsplass, må du ha plantevernbevis. NLR Vest arrangerer Kurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel årleg i januar og februar.

På NLR Vest sine kurs får du ein munnleg gjennomgang av pensum med ein av rådgjevarane våre. Det vert nytta døme frå gode og praktiske løysingar, tips om nye plantevernmiddel og generelle tilrådingar. I fruktdistrikta vert fleire av døma knytt opp mot fruktdyrking, medan i grovfôrområda fokuserer vi på eng og attlegg.

Fyrste gongen du tek dette kurset består det av ein teoridel der ein går gjennom kursboka, samt ein ekstra "praksisdag"/dag 2 med fokus på helse og sprøyteteknikk. Kvart 10. år må dette beviset fornyast. Dette kan gjerast gjennom NLR Vest sine kurs (dag 1, sjå under), eller det kan takast som eit nettbasert kurs i regi av Mattilsynet.

Vel møtt til eit lærerikt kurs med god mat og sosialt samvær med yrkesbrør og søstrer.

Påmelding via skjemaet under. Påmeldingsfrist ei veke før kursdagen.

Spørsmål? Ta kontakt med ein av kurshaldarane våre: Leif Trygve 982 45 839, Mari 982 45 840, Endre 414 52 940, Rune 901 69 501 eller Olav Martin 995 73 688

Det nettbaserte kurset tingar du via MinID og spørsmål om dette må rettast til Mattilsynet.

 

Fornying og 1. gongskurs –kursa går 9.30-15.30, og eksamen ca. kl.15.45-16.45

 

  • Ullensvang – onsdag 8. januar, Mikkelparken ferietun
  • Fitjar – fredag 10. januar, kommunehuset
  • Kvam – torsdag 16. januar Holmatun, Øystese 
  • Kvinnherad – fredag 17. januar, kommunestyresalen, Rosendal
  • Voss – 23 januar, Voss vidaregåande skule
  • Nordhordland -  onsdag 29. januar, Hagellia Matstove/Dampen, Hagellia 6, 5914 Isdalstø
  • Sogndal – tysdag 4. februar, Lægreid Hotell, Sogndal
  • Nordfjordeid – torsdag 6. februar, Nordfjord Hotell
  • Sunnmøre – Fornyingskurs i Ørsta og Ålesund i januar-februar. Kurs for nye brukarar i april-mai.

NB! Me tek atterhald i at kursa kan bli avlyst dersom det vert for få påmelde. Prisen er inkludert lærebok, mat og eksamensgebyr (eks mva):

  • Fornying av bevis, 1 dag kr 2850,- for medlem kr 2000,-
  • Bevis fyrste gong, 2 dagar kr 3900,- for medlem kr 2700,-
  • Bevis fyrste gong, berre dag 2 kr 2850,- for medlem kr 2000,-

 

Praksisdag/dag 2 (fokus på helse- og sprøyteteknikk - obligatorisk fyrste gong ein tek planteverneksamen) vert i midten av februar i Arna.

Dei som deltar for første gang i Sogn og Fjordane, må melde seg på praksisdag på jordbruksskolen på Mo. Sjå info om kurs/eksamensdag 13. og 27. februar her: http://landbrukskurs.no/kurs/

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.