Ammekudag på Haugalandet

12.04.2019 (Oppdatert: 12.04.2019)

Laurdag 6. april reiste 23 hordalendingar til Haugalandet for å sjå på nybygde driftsbygningar til ammekyr i prisklassen Kr 75-86 000 pr. mordyrplass.

Første gardsbesøk var hjå Tom Are på Bokn. Fjøset har plass til 75 ammekyr med kalv + 22 plassar til framfôring av livdyr. Fjøset er bygd med stålkonstruksjon, betongelement, kanalomrøring, naturleg ventilasjon gjennom mønekip og perforerte stålplater i veggar. Are hadde brukt god tid til planlegging og innhenting av pristilbod. Han meiner at dette gav resultat i form av gode prisar og kort byggetid. Kr 86 000 pr. ammekuplass inkludert eigeninnsats. Planløysinga har stort fokus på logistikk og dyreflyt. Fôringa føregår med fullfôrvogn på traktor. I fullfôrvogna blir det blanda siloballar og halm. Dette blir tildelt slik at det alltid er tilgang til fôr på fôrbrettet. På garden er dei no i gang med ombygging av gamlefjøset til framfôring av oksar. Familien Are har lenge halde på med ammekyr og har avlsbesetning med Aberdeen Angus.

 

Neste besøk var i Sveio. Her besøkte me Arild Hanesand med nybygd "irsk-inspirert" ammekufjøs med 3 veggar og fôringsplass langs den opne sida. Ammekufjøset med plass til 30 ammekyr med kalv er bygd med full gjødselkjellar, ståloverbygg og liggepall i staden for liggebås for å spara plass. Grovfôret blir tildelt med bruk av rundballekuttar og hjulgrabb. Bygget er ope og luftig bygg, men har også isolert rom som kan brukast til kalving/sjukebinge, samt eigen binge for avlsoksen. Kr 86 000 pr. ammekuplass inkludert eigeninnsats.

 

Me avslutta med gardsbesøk hjå Harald Pedersen i Haugesund. Pedersen hadde også valt ei løysing som var inspirert av ein studietur til Irland. Luftig bygg med 3 veggar og opa løysing på langsida der fôringa skjer. Liggearealet har liggepall med gummimatter, og det var full gjødselkjellar og treoverbygg med takstolar. Plass til 30 mordyr med kalv. Kr 70 000 pr. ammekuplass inkludert eigeninnsats.

 

Takk til Fatland som serverte grillmat og Fjøssystemer som var medarrangør. Og ikkje minst - Stor takk til bøndene som stilte opp og synte fram dei nybygde ammekufjøsa sine 😊. Dei var alle godt nøgde med løysingane dei hadde valt. Alle trekte fram lettare arbeid, betre arbeidsmiljø og dyrevelferd som resultat.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.