Årsmøte i NLR Vest, 21.mars i Førde

16.03.2019 (Oppdatert: 16.03.2019)

NLR Vest har i år lagt årsmøtet til Førde, torsdag 21. mars. På årsmøtet møter utsendingar frå dei 11 krinsane i regionen. Dei vert valde for to år om gongen på krinsmøta. Årsmøtet handsamar mellom anna årsmelding og rekneskap. I 2018 vart årsresultatet eit overskot på vel 22 000 kr. I årsmeldinga kan du lese om drifta og det faglege arbeidet. I år har vi også laga til ei Forsøksmelding med oppsummering og resultat frå forsøksverksemda i NLR Vest. Andre saker på årsmøtet er forslag om kontingentauke, budsjett og arbeidsplan og for 2019, vedtektsendringar og val. Du finn informasjon om alle årsmøtesakene i nytt nummer av Vestlandsbonden som kjem i posten til medlemar og samarbeidspartnarar.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.