Våronnmøte 2018

27.03.2018 (Oppdatert: 27.03.2018) | Nyhet

NLR Vest har alt arrangert fleire våronnmøte. Desse er annonsert lokalt via e-post og sms. Vidare framover blir det fleire møte. Vi tek her med dei som er tidfesta. I tillegg kan det bli arrangert møte meir spontant dersom nokon tek initiativ til det.

  • 5. april kl 20.00 Sande Kro, Gaular. Arr: NLR Vest/Gaular Bondelag
  • 6. april kl 11.00 Smak Kafe, Stryn. Arr: NLR Vest/Norgesfôr
  • 9. april kl 20.00 Eikås Ungdomshus, Jølster. Arr: NLR Vest/Jølster Bondelag
  • 12. april kl 19.30 Smia, Hornindal. Arr: NLR Vest/Hornindal kommune
  • 12. april kl 20.00 Stardalen Sommarkafe, Jølster. Arr: NLR Vest/Stardalen Bondelag
  • 17. april kl 20.00 Viksdalen, Bygdetunet. Arr: NLR Vest/Felleskjøpet
  • 3. mai kl 13.00 Sandane, FK-butikken. Arr: NLR Vest/FKA

På Sunnmøre har ein hatt 6 samlingar til no, med deltakartal mellom 2 - 11. I år har fylgjande emne blitt drøfta:  "Kan vi dyrke meir, betre eller billegare grovfôr? Kvar er flaskehalsane?" Såfrø, gjødsling og ugraskamp er alltid aktuelle emne.  I nokre bygder har vi drøfta: "Tørka fiskeslam frå smoltanlegg på land som gjødsel i eng", "betre tilsettingsutstyr for ensileringsmiddel i rundballepresser", og "bruk av overskotsmassar til utviding eller forbetring av jordbruksareal".