Tveita Gardsmat

22.10.2018 (Oppdatert: 11.12.2018) Ester Helland

6. oktober gjekk turen til Tveita gardsmat, då dei hadde offisiell opning av dei nye produksjonslokala, med kafé, gardsbutikk og pub. Eigaren, Kathrine Styve Høydal, ønskte gjestane velkomne med eit varmt smil og gode ord, før ho forsvann inn på kjøkenet. Litt seinare kom ho ut med flotte matrettar, alt frå heimelaga kjøttkaker og rømmegraut med spekjemat, til Borak med ost eller kylling og Ozi med ris, kjøttdeig, erter og peanøtter, frå den syriske kokken som er på arbeidstrening hjå dei.

NLR Vest har hjelpt til med utforming av teikningar og byggesøknad til det nye produksjons- og butikklokalet til Tveita Gardsmat!

Bedrifta har eksistert lenge, men har nyleg flytta frå leigde lokale i Eivindvik, til nybygde lokale på garden. Hausten 2015 gjekk Kathrine på NLR Vest sitt SNOP-kurs (Strategisk Nærings- og Produksjonsutvikling) i Knarvik i Hordaland, der ho fekk hjelp til å laga forretningsplan for å flytta og utvida drifta. Rådgjevarar frå NLR Vest  laga driftsplan og byggteikningar, og hjelpte med søknad til Innovasjon Norge. Hjå Innovasjon Norge fekk ho støtte til bygginga.

I Kafeen kan du få kaffi og ein matbit frå 09.00-12.00 kvar dag, då dei lagar mat til to eldresenter dei leverer til. Annakvar torsdag serverer dei raspeballar, og annakvar søndag kan du få søndagsmiddag. Opningstidene vert annonsert på facebooksida "Eivindvik Kroa".

I puben kan du gå på pubkveld ein gong i månaden, der det vert variert med Quizkveldar og arrangement med levande musikk. Elles er det ope på bestilling. Her kan du bestilla lokale og mat til alt frå møte, til konfirmasjon og barnedåp.

I Gardsbutikken sel dei eigenprodusert saft og syltetøy av bringebær og solbær, ulike pølser, burgerar og kjøttkaker og saueskinn frå eigne villsauer. All sau som blir sendt til slakt no, kjem att som skinn og spekepølse til våren. Dei sel og ulike varer frå andre, både lokale varer frå vestlandsgardar, som geitost og spekepølse av geit frå Underdal, honning frå Søyland, tørka eple og eplesylte frå Haust i Hardanger, hud og hårpleieprodukt frå Vossabia, garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk og stykningsdelar av Vestlandsk fjordfe frå Solveig Fosse i Eivindvik. Nokre varer har reist litt lengre, som sjokoladen frå sjokoladehjørnet i Egersund og "African Touch", som er handlaga ting frå småbedrifter i Zimbabwe og Sør-Afrika.

Inne i gardsbutikken til Tveita Gardsmat. Foto: Karin Thauland

Tveita Gardsmat finn du og på Bondens marknad i Bergen annakvar laurdag!

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.