Tankar, råd og gjerningar i juni 2018

21.06.2018 (Oppdatert: 21.06.2018) ,  Dag-Arne EideOlav Martin Synnes | Nyhet

No, ved solsnu, er bøndene i vest på ulike "stadium", men alle har hausta/haustar graset tidlegare enn normalt og alle har vore råka av tørke. Mange har gjødsla igjen etter 1. slått for lengst, men då med sol og vind på husdyrgjødsla. Andre kunne "time" slåtten perfekt og blei ferdige dagen før det etterlengta regnet kom som vermeldinga sa. Mange gjorde klar husdyrgjødselutstyret til denne mykje omtala torsdag 14. juni då regnet skulle kome, og kom. Atter andre starta slåtten etter at regnet kom….Opp i desse situasjonane har vi rådgjevarar vore samtalepartnarar og gitt råd etter beste evne om tørke og andre heller uvanlege problemstillingar. Vi skal vidare sjå på nokre av desse.

Godt arbeidsver, lågare avling og bra kvalitet?

Varmt og uvanleg tørt ver i heile landsdelen, har ført til lågare avlingsnivå enn normalt i dei fleste bygder. Tørre forhold og fortørking har ført til fleire fôreiningar per rundballe enn vanleg.

I varmt og tørt ver går energiinnhaldet hos engvekstane raskt ned etter skyting. Det gode veret og den tidlege og raske slåtten tyder på at kvaliteten blir bra hos dei fleste. Komande fôrprøver vil gi endeleg svar.

 

Meir jordstøv i surfôret?

Det har vore gode arbeidsforhold under førsteslåtten, som har gått raskt unna hos dei fleste. Ein har unngått køyreskadar under haustinga. Såleis skulle ein forvente liten risiko for innblanding av jord, og liten risiko for sporar i surfôr og mjølk.

 

Røynsler frå tidlegare år, med svært tørr jord under grashausting, kan likevel tyde på at risikoen for jordstøv i surfôret aukar. Dette kan gjelde både ved bruk av fôrhaustar og ved bruk av pick-up-presse. I mange høve blei det også lite regn på husdyrgjødsla, slik at det kan liggje restar att på plantane. Dette aukar risikoen for sporar i surfôr og mjølk. Har ein fortørka godt, og tilsett ensileringsmiddel, hemmar ein utviklinga av sporeformande bakteriar. Under tørre forhold er det syremidla med propionsyre ("plussmiddel") eller Kofasil/Xtrasil Ultra som bør brukast.

Trass i gode innhaustingstilhøve, må ein likevel ta høgde for at surfôr produsert på ekstra tørr jord, kan innehalde meir sporar. Godt reinhald i båsane, og grundig reinhald av spenar, er viktige førebyggande tiltak.

 

Samlerive er mykje brukt. I dette tilfellet brukt fornuftig. Her såg vi ingen teikn til jord eller husdyrgjødsel som kunne vere ein risiko å få inn i rundballane. Siste dag i slåtten. Foto: 13.06.18.

 

Gjenvekst frå brunsvidd stubb?

Når vi ikkje ser eit grønt strå etter hausting, kan vi då forvente at plantane livnar til når det kjem nok vatn? Dette er også eit tilbakevendande spørsmål, som det herskar uvisse kring. Grønt blir det nok, men i kor stor grad kjem tunrapp, kveke og andre grasartar inn og erstattar kulturgrasa? Vi tok ein prat med forskar Liv Østrem ved NIBIO Fureneset. Heller ingen i forskarmiljøet er heilt sikre i denne problemstillinga. I brunsvidd stubb vil det uansett ta tid før gjenveksten kjem i gang. Først må jorda gjennomfuktast før vatnet blir teke opp i rotsystemet. Så kan veksten av overjordiske plantedelar starte. Generelt kan vi seie at plantar med kraftig rotsystem, som fekk gjødsel tidleg, vil klare seg best. Dette gjeld også ugras som kveke. Vi skal alltid vere på vakt mot denne, spesielt no. Kveke vil alltid klare seg godt i høve til kulturgrasa under tørre forhold. Bladfaks og strandrøyr har liknande rotsystem, og vil klare seg bra i tørke. Strandsvingel er også tørkesterk, men førebels er denne lite brukt.

 

Biletet er teke 16.06.18. Her har vi tenkt å følge med på gjenveksten etter 1. slått. Vi har laga til 2 slike observasjonsruter.

Sprøyting av attlegg?

Vi har sett at spiringa er svært ujamn på dei aller fleste attlegg. Gras og kløver må helst tole sprøytinga. Noko er kome langt nok, noko ikkje. Ugraset veks. Skal eg sprøyte no likevel, og risikere at eg tek knekken på noko av kulturgraset? Dette var ei problemstilling vi hadde før regnet kom. No har det regna mykje i det siste, og det har skjedd endringar både med kulturgraset og ugraset. Det er vått og uråd å sprøyte. Ny vurdering og sprøyting så snart det let seg gjere! Hugs at sprøyting av attlegg nesten er obligatorisk!

 

Oppattsåing av attlegg, eller kjem det til slutt?

Såing av attlegg har pågått i heile mai og også utover i juni. Såleis har vi alle slags stadium, men dei alle fleste attlegga er prega av tørke. Ved spiring og utover syner dei tørkesvake stadane seg godt. Somme stader ser vi ikkje spiring i det heile fleire veker etter såing. Attlegg sådde tidleg i mai har stort sett etablert seg brukbart. Såing i siste halvdel av mai har kanskje gitt dårlegare resultat. Frøet har spirt med lite råme, men etter spiring treng det meir vatn for å overleve. Dette vatnet kom kanskje ikkje i tide. Det er denne type attlegg som burde vore oppattsådde, i alle fall delvis. Regnet som kom 3-4 veker etter såing kan neppe berge alt som blei sådd, sjølv om det er delte meiningar om kor lenge frø kan ligge i jorda, og framleis spire. Attlegg som blei sådde i juni blei kanskje berga av regnet. Temperaturen har vore låg i det siste, noko som reduserer spirefarten. Såleis kan det ta ei tid før vi ser tydeleg spiring.

 

Tips: Set ned ein pinne på eit område du ikkje ser spiring, og følg med kva som skjer framover!

 

Slik veret er no, kan ingenting gjerast uansett. Ny vurdering av situasjonen blir når regnet har gitt seg!

 

Her eit attlegg som blei delvis oppattsådd rett før regnet kom. Ganske sikkert fornuftig.Foto 14.06.18.

Gjødselstyrke etter 1. slått?

Mange har registrert at spor av mineralgjødsel låg igjen etter slåtten. Er næringa likevel reist ned i jorda? Svært mange fekk ikkje anna enn dogg på mineralgjødsla, og heller ikkje på husdyrgjødsla til 1. slåtten. Vi har i slike tilfelle likevel sett gode avlingar, så det er grunn til å tru at gjødsla har verka, men kor mykje? Skal vi rekne med at noko ligg igjen og vil kome til nytte på 2. slåtten, og difor gjødsle svakare enn vanleg? Eller: Skal vi gjødsle sterkare enn normalt for å prøve å ta igjen noko av den tapte avlinga på 1. slått?

 

Låg avling i førsteslåtten kan takast att ved ein god andre- og tredjeslått. Vilkåret er mykje regn etter slåtten, og det har vi fått. Låg avling og lita utvasking tilseier at det ligg unytta restar av næringsstoff i jorda. Dette gjeld både frå husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Har ein bra med grovfôr, kan ein såleis spare litt på gjødslinga etter førsteslåtten. Dette gjeld det færraste. Dei fleste bør nok gjødsle som normalt.

 

Mineralgjødsel ut før husdyrgjødsla?

Slik vermeldinga var siste veka før regnet kom, så blei det av praktiske årsaker aktuelt å ha ut mineralgjødsla før husdyrgjødsla. Dette for å sikre at den blei fukta opp av husdyrgjødsla i tilfelle det varsla regnet kom i mindre grad enn meldt. Det var viktig å få bruke tid med husdyrgjødsla når regnet først kom, og såleis sleppe å køyre mineralgjødsel i regnver. Vi kunne i verste fall få lite nedbør med overgang til pent ver igjen, der mineralgjødsla kunne bli liggande oppå uttørka husdyrgjødsel. Det skjedde ikkje!

 

Verknad av tynn husdyrgjødsel brukt i sol og vind

Dei som slo tidlegast var interessert i å få ut husdyrgjødsel igjen rett etter slått, men på den tid såg vi ingen ende på godveret. Husdyrgjødsla blei blanda ut med svært mykje vatn, og brukt på kvelds- og nattestid. Fleire tenkte svært tynn gylle i store mengder, der vatningseffekt også låg i bakhovudet. Kva slags nitrogenverknad kan vi så rekne på slikt, og kva betyr det? "Vanleg" uttynna gjødsel reknar vi kan ha ein nitrogenverknad på 1-1,5 kg N pr. tonn. I gjødslingsplanlegginga ligg vi ofte rundt 1,2 kg N pr. tonn. Når gylla blir ekstremt tynn, sjølv om vatn er positivt for nitrogenutnyttinga, så blir nok verknaden dårlegare. Om vi seier at tynn gylle verkar med 0,5 kg N pr. tonn under ugunstige tilhøve, så gjev 4 tonn gylle 2 kg N. Sannsynlegvis var dette det maksimale ein kunne oppnå på denne tida. Spreietidspunkt på døgnet, spreieutstyr og blandingsforhold har verka inn. Reknar vi eit behov på 10 kg N til 2. slått, så har vi 8 kg igjen å ha ut i form av mineralgjødsel. Dersom husdyrgjødsla har verka berre halvparten så bra som i dette dømet, så er konsekvensen heller liten. Skilnaden utgjer ca. 3,5 kg OPTI-NS, eller ca. 10 kroner pr. dekar. Problemet opp i det heile er at vi ikkje veit kvar vi ligg. Poenget må vere at vi ikkje overvurderer nitrogenverknaden av husdyrgjødsla brukt under ugunstige tilhøve. No er også mineralgjødsla på desse stadane komen ut, så då er alt historie uansett……..

 

3 slåttar

Skal ein klare å kompensere for låg avling på 1. slåtten, må ein kanskje slå 3 gongar. No har vi fått regn nok alle stader til å setje i gang gjenveksten. Areal er gjødsla opp med både husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Det er 5 veker til slutten av juli. Ved drivande ver framover, kan det vere aktuelt med slått då på tidlege stader. Så har vi nye 5 veker igjen til utgangen av august. 3. slått bør helst takast før 10. september på timoteidominert eng som skal leve vidare neste år. Mykje skal klaffe for at alt skal gå etter planen, men for mange kan dette vere ein aktuell strategi i år, i alle fall på noko av arealet. Dei som no har gjødsla opp enga med tanke på to slåttar, kan bestemme i slutten av juli om det er aktuelt med ein slått til. I eit "kriseår" som dette kan det kanskje vere grunn til å avvike frå vanleg tilråding, og såleis tøye grensene når det gjeld tidspunkt for ein 3. slått.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.