Startpakke for nye bønder i Hordaland

20.06.2018 (Oppdatert: 21.06.2018) | Nyhet

Hjelp i oppstarts– og utviklingsfasen, utan at det kostar ei formue. I samarbeid med Fylkeskommunen og Fylkesmannen si landbruksavdeling, tilbyr vi ein skreddarsydd startpakke for å hjelpa nye bønder til å starte opp og utvikle ei berekraftig drift på garden. Her får du mykje rådgjeving for pengane!

Tilbodspakken inneheld:


Rådgiving: 3 møte med økonomirådgjevar og produksjonsrådgjevar frå NLR Vest SA, + 1 møte med HMS- rådgjevar:
Visjonsavdekning
Ressursanalyse
Konkretisering av mål
Produksjonsveiledning
Utforming av handlingsplanar
HMS og KSL

Nettverksbygging/undervisning: 2 arrangerte møte i erfaringsgruppe med fastlagte tema:
Marknad
Finansiering og lovpålagte krav
Viktige landbruksorganisasjonar
Klima og planteproduksjon
Jord, økologi, jordarbeiding og drenering
Plantevekst, gjødsling og kalking
Plantevern
Hausting, konservering og fôrkvalitet

Medlemskap i lukka facebookgruppe

Krav til deltakarar:
Medlemskap i NLR Vest SA
Svare på spørjeskjemaundersøkingar gjennom og etter prosjekt
Bidra til felles læring og utvikling

Pris kr 6000,-

Nyetablerarar på gard møter utfordringar og kan ha mange spørsmål i oppstartsfasen. Ofte må nye bønder ta nokre val for utviklinga og drifta av verksemda. Vi i NLR Vest hjelper deg å finna dei beste løysingane for di drift!

 

Kontakt Ester Helland: 98245842, ester.helland@nlr.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.