SNOP 2018 startar 17. September i Knarvik

24.05.2018 (Oppdatert: 25.05.2018) | Nyhet

Har du ein draum om å sikra ein arbeidsplass på garden din? Har du ein god idé, men veit ikkje korleis du skal få det til? Då har me det rette kurset for deg! Litt ekstra fokus på Inn på tunet på SNOP 2018, men framleis vil vi ha med eit mangfald av landbruksprosjekt, om det er utviding i tradisjonelt landbruk, gardsturisme, foredling eller noko anna spennande.

For deg som vurderar å starte opp med Inn på tunet, kan dette vere tida for å gjera det. Demensplan 2020 er ein plan som gir kommunene lovfesta plikt til å tilby eit tilrettelagt dagaktivitetstilbod for personer med demens frå 2020. Sjølv om det vert tilrettelagt for dette på mange sjukeheimar, er Inn på tunet eit alternativ kommunane kan vurdera for å sikra mangfald i tilbod og individuell tilrettelegging for personar med demens.

Uansett kva planar og draumar du har for landbruksbedrifta di: start planlegginga på SNOP 2018 saman med 11 andre bønder som vil utvikla bedrifta si.

Les vidare eller ta kontakt med underteikna for meir informasjon om SNOP 2018

 

Strategisk nærings- og produksjonsutvikling  (SNOP)


I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge, hjelper rådgjevarar frå NLR Vest deg gjennom utviklingsprosessen på garden din.

Dette får du:


Komplett forretningsplan
Driftsplan
Kursbevis
God oppfølging under og etter kurset
Utvida nettverk


Anten du skal overta gard, ynskjer å utvida eksisterande drift, starta ny næring innanfor tradisjonelt landbruk eller ei attåtnæring på garden, hjelper me deg å utvikla ein komplett forretningsplan.

Forretningsplanen er eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisera dei. Det er og eit styringsdokument som hjelper deg å halda stø kurs mot målet.

Ein forretningsplan styrkjer dine moglegheiter når du skal:

Søkja byggjeløyve
Få lån til investeringar
Søkja tilskot
Oppnå suksess
Det kjem gjesteforelesarar frå Fylkesmannen si landbruksavdeling, kommunen, Innovasjon Norge og Kompetansenettverk Lokalmat Vest.

Kurset vert toppa med eksursjon til bønder i nærområdet.

 

I DENNE artikkelen i Bondevennen kan du lesa meir om SNOP

 

SNOP 2018

Kurset startar 17. September I Nordhordlandshallen i Knarvik i Lindås Kommune.

Kurset går over 9 dagar fordelt på 4 mnd.
Før kurset startar må alle deltakarar ha gjennomgått ein nettbasert del.
Del 1: 17., 18. og 19. september
Del 2: 9. og 10. oktober
Del 4: Ekskursjon: 5. november
Del 5: 12. november
Del 6: 3. og 4. desember

 

KURSPROGRAM

 

PÅMELDING

 

Pris: 12000,-

Medlem: 8000,-

To på same prosjekt: 6500,- pr. pers (medlem)

 

For meir informasjon eller påmelding
Kontakt kursleiar Ester Helland på

mobil: 98245842
epost: ester.helland@nlr.no
eller via linken over

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.