Oppstartsamling for Mentorprosjektet i Sogn og Fjordane

19.01.2018 (Oppdatert: 11.12.2018)

Det var 38 deltakarar på samlinga på Skei 16. januar; 16 mentorpar og representantar frå Sogn og Fjordane Bondelag og Sogn og Fjordane Bonde -og Småbrukarlag. Vi fekk i utgangspunktet tildelt 15 par i fylket, så det er god interesse for ordninga. Dersom ordninga vert vidareført, så har vi nokre som vil vere med til neste år.

God prat på samlinga

Dei nye bøndene kjem frå heile fylket, og produksjonane er frukt, bær, mjølkeproduksjon på ku og geit, ammeku, sau, grovfôrdyrking, lokal foredling og Inn på Tunet. Det var rimeleg lett å finne mentorar som har vore positive til å vere med på å dele erfaringane sine frå si eiga drift. Dei kjem gjerne med tips om kva som er viktig for å få til godt resultat. Like viktig kan vere erfaringar om kva ein ikkje bør gjere, slik at ein unngår problem og økonomiske tap. Det er det praktiske, daglege arbeidet på garden som har fokus i mentorprosjektet, samt tiltak som kan betre drifta.

På oppstartsamlinga orienterte Mette Feten frå Norsk Landbruksrådgiving sentralt om mentorordninga "Bonde hjelper Bonde". Det er ei prøveordning med støtte frå Landbruks- og Matdepartementet, og det er tett samarbeid med Bondelaget, Bonde- og Småbrukarlaget og Innovasjon Norge. Det er sett av midlar gjennom jordbruksforhandlingane, og det er Norsk Landbruksrådgiving som administrerer ordninga. Det er krav om avtale, rapportering og godkjenning. Mentorordninga er til både for tradisjonelle og nye landbruksnæringar. Mentor skal bidra med erfaringar frå den aktuelle produksjonen, og det er viktig med tryggleik og tillit og ta omsyn til dei unge/nye bøndene. Er det aktuelt med rådgiving, har Norsk Landbruksrådgiving god kompetanse på mange fagområde. Mette Feten gjekk også gjennom dette med kommunikasjon mellom partane, og kva som er viktig for å få god dialog. Det er også viktig at ein forstår kvarandre for å få godt utbytte av opplegget. Innovasjon Norge ved Vebjørn Årtun tok for seg kva tilskotsordningar som kan vere aktuelle ved generasjonsskifte, og elles ved utbygging av nye fjøs.

Det har i 2017 vore rekordstor satsing på fjøs i Sogn og Fjordane. Norsk Landbruksrådgiving har vore med på planlegginga av fleire av bygningane. Det vart orientert om søknadsfristar, og kva type prosjekt Innovasjon Norge vil prioritere i 2018, og kva støttesatsar som er i Sogn og Fjordane. Det vil no vere fokus på mindre og mellomstore bruk, og utbygging av gjødsellager. Lønsemd og ressursgrunnlag er viktig for om søknaden får støtte. Det kan også gjevast tilskot til nye næringar/tilleggsnæringar, og Innovasjon Norge kan også gje lån til utbygging.

Ove Sørestrand som er regionkontakt for mentorprosjektet orienterte om Norsk Landbruksrådgiving og rådgivingstilbod. NLR er ein organisasjon med stor fagleg breidde og kompetanse, og gjev heilheitleg rådgiving, og er uavhengig av leverandørar til landbruket. NLR har 29.000 medlemar, og er leia av eit årsmøtevalt styre. Norsk Landbruksrådgiving innhentar, utviklar, og formidlar kunnskap i landbruket som er basert på forskingsresultat frå NIBIO, NMBU og eigne forsøksfelt. Det er godt samarbeid med faglaga og fylkesmannen.    

Det var god stemning med diskusjonar og gruppearbeid på samlinga. Det kom gode tilbakemeldingar, noko som som gjev godt grunnlag for å kome i gang. Det er oppretta Facebook-gruppe for deltakarane der ein kan stille spørsmål, og dele synspunkt og erfaringar.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.