Nytt om kjemisk plantevern – 2017/2018

24.04.2018 (Oppdatert: 24.04.2018) | Nyhet

Godkjenninga til Ally SX gjekk ut 31.12.17. Det betyr at du kan kjøpe Ally fram til 30. juni 2018 og at midlet må nyttast innan 30. juni i 2019. Bruk gjeldande etikett, dvs off-labeletiketten du har fått frå NLR! Det er søkt om ny godkjenning for Ally, men vi veit ikkje resultatet av denne søknaden enno.

Flurostar 200 er eit nytt middel som er godkjent. Det har same innhald som Tomahawk 200 og har sjølvsagt same bruksområde, men kan nyttast i litt høgare dose i grasmark; 200 ml mot 180 ml i Tomahawk 200. Prisen er om lag den same. Høg dosering er aktuelt mot lauvkratt og bringebærkratt. Her kan du og blande anten Tomahawk 200 eller Flurostar 200 med 180 ml Starane XL for betre verknad. Temperaturen bør vere 10-12 grader for best verknad. Starane XL og Cleave er identiske middel. Tomahawk 180/Starane 180/Spitfire 180 er ikkje lenger lov å bruke. Tomahawk 200 kan framleis brukast.

 

Det finst mange ulike glyfosatprodukt. Prisen er om lag den same om du kjøper Glyfonova Plus, Glyphogan, Glypper (Ny) eller Roundup Eco. Roundup Flex er noko dyrare, men har ein betre verknad ved lågare temperaturar, toler nedbør etter få timar og du kan raskare setje i gang med jordarbeiding. Roundup Flex inneheld 480 g glyfosat pr. liter, medan dei andre inneheld 360 g glyfosat pr. liter.

 

Frå i fjor veit vi at maksimal dosering på Mekoprop og MCPA vart innskrenka. Behandlingsfrist på MCPA gjekk ned til 14 dagar ved den nye doseringa, medan behandlingsfristen for og Starane XL gjekk ned til 7 dagar.

 

For Basagran M75 er vi inne i siste bruksår (2018). Basagran M75 skal nyttast i attlegg med kløver. Det er og råd å blande Basagran SG med MCPA for å få same verknad som Basagran M75.

 

Hugs å fylle ut plantevernjournalen. Den og verknadstabell for ugrasmiddel finn du HER



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.