Nybyrjarkurs i fruktdyrking

16.04.2018 (Oppdatert: 16.04.2018) | Nyhet

NLR Vest vil i år arrangera nybyrjarkurs i fruktdyrking i Sogn og Fjordane. Kurset vil gje grunnleggande informasjon og opplæring for deg som er ny/fersk produsent enten du er ung eller gamal av alder, men kurset er ikkje tenkt for deg som har mykje erfaring og/eller har drive lenge med frukt. Her er det basiskunnskap som først og fremst blir gitt. Nytt høvet og meld deg på!

Kursinnhald:

1.samling – VÅR 27.april, Leikanger:

Kjenna til plantesystem og kulturmåtar
Kjenna til krav til gjødsling og vatning
Kjenna til ulike skadebilete
Kunna velja rett tiltak mot dei viktigaste skadegjerarane
Kjenna til pollinering og tynning
Kunne bruka fruktklienten

2.samling – SOMMAR 27.juli, Leikanger(?):


Kunne vurdere vekstnivået i trea
Kunne vurdere tiltak for å regulere vekst-/avlingsnivået
Kjenne til tiltak mot ugras
Kjenne til dei vanlegaste plantevernutfordringar om sommaren
Kjenne til IPV og kunne vurdere tiltak
Kunne gjennomføre og vurdera eigne haustetidsanalysar
Kjenne til grunnleggande lagringsmoglegheiter i frukt

3.samling – HAUST 19.oktober, Leikanger(?):

Kjenne til noko grunnleggande plantefysiologi
Ha ei forståing av pH og kalking
Kjenne til planteverntiltak om hausten
Få noko informasjon om jus- og siderproduksjon
Kjenne til uttrykk og teoriar rundt vinterskjering (forberedelse til siste kurset)

4.samling – VINTER 30.november, Leikanger: 

Praksisdag ute med opplæring og demonstrasjon av skjering i kjerne- og steinfrukt. Personal i NLR står for skjering.

 

Pris for medlemar er kr 2000,- for heile kurspakken, inkludert servering. For andre er prisen kr 2500,-

 

Kontaktperson:
Marianne Bøthun, 95290740, marianne.bothun@nlr.no


Bindande påmelding via PÅMELDINGSSKJEMA innan 19. april

 

Kurset er lagt til fredagar 10-16. Det blir servert lunsj på kvar kursdag, samt pausemat med drikke/snacks. 1.kursdag blir lokalisert til Leikanger (Njøs eller Sognefrukt), men avhengig av påmelding kan dei ulike kursdagane bli lokalisert litt rundt om i Sogn og Fjordane.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.