Vi lyser ut 3-årig prosjektstilling (100%), som rådgjevar i presisjonslandbruk og maskintekniske fag

09.03.2018 (Oppdatert: 09.03.2018) | Nyhet

Vi ynskjer å styrke kompetansen innan presisjonslandbruk og maskinteknikk. Vår nye rådgjevar får ansvar for å utvikle rådgjevingstenester innan desse fagområda, spesielt tilpassa jord- og hagebruksdrift i eit våtare klima og på små og bratte teigar. Rådgjevaren vil arbeide tett opp mot rådgjevarane i jord- og hagebrukskulturane. Kontorplassering vert drøfta med aktuelle søkjarar. Rådgjevar skal dekke heile regionen, frå Sunnhordland til Sunnmøre, og arbeidet vil medføre mykje reising og lange dagar, også med overnatting.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving til medlemane våre
  • Utvikle rådgjevingstenestene innan fagområdet presisjonslandbruk og maskinteknikk tilpassa landbruket i vår region
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, demonstrasjonar, kurs og prosjekt
  • Informasjonsverksemd
  • Andre oppgåver etter avtale


Vi tilbyr:

Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa

Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning

Stor grad av fleksibilitet og ansvar

Løn etter avtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi ynskjer ein medarbeidar med:

Gode kunnskap om maskinteknikk og presisjonslandbruk, både innanfor jordbruks- og hagebruksproduksjonar

Universitet- eller høgskuleutdanning innan agronomi og tekniske fag, helst med praktisk erfaring

Interesse for å utvikle landbruket i regionen

Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner

Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Gode datakunnskapar ein fordel

Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd


Søknadsfrist: 25.mars 2018

For meir informasjon om stillinga kontakt:  Dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no ,

mobil: 98245830. Søknaden skal sendast på e-post til NLR Vest SA: vest@nlr.no

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er den største landbruksfagleg rådgjevingsorganisasjonen på Vestlandet, frå Sunnhordland til Sunnmøre. Vi har 32 rådgjevarar med ulik kompetanse og dekker bonden sitt behov for rådgjeving innan jord- og hagebruk, bygningsplanlegging, økonomi og næringsutvikling, HMS, miljø og kulturlandskap og økologisk landbruk. Vårt mål er å vere bonden sitt fyrsteval på rådgjeving.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.