Meir ensileringsmiddel i nitrogenrikt gras

31.05.2018 (Oppdatert: 01.06.2018) | Nyhet

Det er full slått - sjølv om vi fortsatt skriv mai. Våren var ikkje spesielt tidleg, og mange plassar har det gått kort tid sidan gjødsling, og dermed høgt innhald av protein i graset.

Nitrogenrikt gras krev meir syre for å senke pH!

Biletet over syner 1. års eng, der det vart sådd blanding av surfor normal og surfor/beite. Kraftig hjortebeiting kombinert med tørr vår gjer at kløveren dominerer på store delar av stykket. I kløverikt gras må du óg auke tildelinga ensileringsmiddel.

Forholda ligg til rette for god fortørking. Om du tørker kraftig bør du nytte eit plusprodukt - som har effekt mot mugg, evt kofasil ultra (i rundball). Pakking med 8 lag plast bør vere standard når ballane vert tørre.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.