Gode erfaringar med mentorordninga- no kan du òg melde deg på!

12.11.2018 (Oppdatert: 12.11.2018) | Nyhet

Anne Rita K. Boge og Kjell Erik Boge driv med geitemjølkproduksjon i Guddal, Fjaler Kommune. Dei er unge bønder som har vore med i prosjektet "Bonde hjelper bonde" i 2018. Mentorar er Else og Terje Vedå frå Kringla i Gulen Kommune.

Anne Rita og Kjell Erik er godt fornøgde med opplegget, og at dei sjølve kan styre tidspunkt og tema. Dei vil tilrå at òg andre nye bønder nyttar seg av ordninga og får seg ein mentor. Anne Rita og Kjell Erik seier at dette med å få snakke med nokon når ein treng det, som kjenner kvardagen og utfordringar i drifta og å diskutere og finne løysingar saman har vore svært viktig. I tillegg utvekslar ein erfaringar og deler kunnskap. Det kan òg vere slik at ein har store forventingar til seg sjølve som nye bønder. Dei har hatt det fint sosialt og fått eit godt vennskap som dei vil vidareføre i framtida.   

Sogn og Fjordane og Hordaland er med i eit treårig prøveprosjekt frå 2017-2019. Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for gjennomføring i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge. Det vert gjeve økonomisk støtte over jordbruksavtalen. Ove Sørestrand er regionkontakt i Sogn og Fjordane, Leif Trygve Berge i Hordaland. No er det klart for ein runde med nye mentorar og unge bønder. Første punkt på programmet er ei oppstartsamling med informasjon om kva opplegget går ut på. Her møtast unge bønder og mentorar. Mentorordninga har fungert godt i dei to åra den har vore i drift. Mange har gjeve gode tilbakemeldingar og hatt stort utbytte av å delta, dette er ein viktig arena for kunnskapsoverføring. Søknadsfristen er 1. desember, og her finn du SØKNADSSKJEMA

Har du spørsmål om ordninga?

Kontakt: 

Ove Sørestrand, 95138819, ove.sorestrand@nlr.no

Leif Trygve Berge, 98245839, lef.trygve.berge@nlr.no

 

Meir informasjon og intervju med tidlegare deltaktarar kan du finne HER



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.