Mentorordning, no også i Hordaland

19.01.2018 (Oppdatert: 07.02.2018) | Nyhet

Det har det siste året vore sett i gang fleire mentorprosjekt rundt i heile landet, der nyetablerte produsentar får tilgang til mentor med erfaring og kjennskap til produksjonen. Erfaringane er gode og me er glade for at Hordaland Fylkeskommune vil støtte etablering av eit slikt tilbod i Hordaland.

Sau- og ammeku

Mentorordninga i Hordaland vil i 2018 vere retta mot nyetablerte produsentar som driv med sau eller ammeku, eller produsentar som gjer endringar som krev ny kunnskap om drifta. Hjelp til å etablere nettverk og bli kjent i fagmiljø og produsentmiljø er også viktig for prosjektet.

 

Bonde til bonde rådgiving

Mentor er ein erfaren og flink sau- eller ammekubonde som vert din personlege rådgjevar til deg som blir rekna som elev. Eleven er anten nystarta og uerfaren, eller treng tett oppfølging i drifta av andre årsaker som for eksempel stor utviding av drifta.

 

Tett dialog gjennom året

Ein god og tett dialog mellom mentor og elev vil vere ein effektiv måte å formidle kunnskap og erfaring på, slik at eleven gjer gode val gjennom heile året. Rådgjevinga skal vere via telefon og besøk hos kvarandre. Mentor kan bruke inntil 20 timar pr. elev.

Det er ikkje slik at andre rådgjevarar blir overflødige, men bonde til bonde-rådgjeving skal supplere anna rådgjeving, og vere meir praktisk retta enn kva ein kan oppnå med tradisjonell rådgjeving.

 

Vilkår for deltaking

Elev betalar eigenandel på kr 1000,-

Delta på oppstartsamling i slutten av februar

Føring av enkel logg for samarbeidet

Ved årsslutt setje mål for den vidare drifta

Delta på sluttsamling i desember

 

Påmelding innan 20. februar

Ta kontakt snarast dersom du ynskjer å vite meir og kanskje verte elev i mentorordninga i Hordaland 2018.

 

 

Me ynskjer helst påmelding via PÅMELDINGSSKJEMA

 

Kontaktperson:

NLR Vest, Leif Trygve Berge, tlf. 98245839. E-post: leif.trygve.berge@nlr.no