Maskinførarkurs på Voss

09.04.2018 (Oppdatert: 24.04.2018) | Nyhet

32-timars teorikurs og grunntrening retta mot alle som skal køyre gravemaskin eller andre masseflyttingsmaskiner. Kurset er eit teoretisk minstekrav for å få maskinførarbevis. Eit bestått kurs vil gi godkjend teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar.

Foto: Dagfinn Ystad

Tid: Torsdag 26. april - sundag 29. april 2018
Stad: Voss - Kveik kafé/tidl. Indremisjonskaféen

Program:

Torsdag: Kl. 17.00 – 22.00: Informasjon om kurset, utfylling av dokument, introduksjon

Fredag: Kl. 09.00 – 18.00: Full teoridag
Laurdag: Kl. 09.00 – 18.00: Startar med teori, avsluttar med praktisk køyring etter mat
Sundag: Kl. 09.00 – 16.00: Startar med teori, avsluttar med teoretisk eksamen

Pris under 20 deltakarar kr 6500,-/5600,- (medlem i NLR)
Pris over 20 deltakarar kr 5500,-/4600,- (medlem i NLR)
Prisen er inkludert grunntrening på fleire maskintypar
Rabatt for medlem i NLR gjeld og ektefelle/dotter/son/tilsett

 

Påmelding snarast

 

 

 

 

 

 

16 år: Du kan ta teorikurs og eksamen

17 år: Du kan øvingskøyre om du har bestått teorikurs

18 år: Du kan køyre opp

Praksiskrav:

Eit bestått maskinførarkurs vil gi godkjend teori for gravemaskin, hjullastar, gravelastar, dosar, veghøvel og anleggsdumpar. For å få rett til å køyre desse maskinene må ein gjennomføre ein praktisk køyreeksamen per maskintype.

Praktisk køyreeksamen skjer etter nærare avtale.

Praksiskravet er minimum 40 timar praktisk bruk per maskintype. Denne praksisen må bli dokumentert av ein fadder som anten er ein godkjent maskinførar med kompetansebevis/fagbrev eller minst 3 års erfaring/praksis med aktuelt utstyr. Den einskilde deltakar må sjølv sikre seg tilgang på fadder.

Ved bestått praktisk og teoretisk prøve vil ein få maskinførarbevis. Det er ikkje krav om at praktisk eksamen må takast innanfor eit gitt tidsrom etter bestått teoretisk prøve.

Ta kontakt om du har spørsmål.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.