Ledig stilling som Rådgjevar i jord- og plantekultur grovfôrdyrking (100 %)

19.10.2018 (Oppdatert: 19.10.2018) | Nyhet

Rådgjevaren vil vere knytt til faggruppe jordbruk, og vil arbeide i eit allsidig landbruksmiljø med rådgjeving, kursverksemd, informasjon og kunnskapsutvikling. NLR Vest tilbyr bøndene tett oppfølging og rådgjeving, med fokus på god agronomi, miljø- og klimavenleg produksjon. Rådgjevarane i NLR Vest skal vere gode støttespelarar for medlemane, slik at dei oppnår store grovfôravlingar av god kvalitet. For søkjarar med lite eller ingen praksis som rådgjevar, har vi tilbod om opplæring og oppfølging. Den ledige stillinga er knytt til kontoret vårt i Ørsta.

Faglege diskusjonar med kollegaer og bønder er ein del av arbeidskvardagen

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving til medlemane våre
  • Vidareutvikle rådgjevingstilboda i regionen saman andre rådgjevarar og samarbeidspartnarar
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
  • Informasjonsverksemd


Vi tilbyr:

  • Variert og utviklande arbeid i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruksnæringa
  • Gode høve for fagleg utvikling og etterutdanning
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi ynskjer ein medarbeidar med:

  • God kunnskap innan jord- og plantekultur, spesielt grovfôrproduksjon, og gjerne med kunnskap innan fagområda økologisk landbruk og kulturlandskap.
  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan agronomi, gjerne med praktisk erfaring
  • Interesse for å utvikle landbruket i regionen
  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd.


Søknadsfrist: 01. desember 2018

For meir informasjon om stillinga kontakt: fagleiar jordbruk Dag-Arne Eide, dag-arne.eide@nlr.no  mob. 95812790, eller dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no , mob. 98245830. Søknaden skal sendast på e-post til NLR Vest SA:  vest@nlr.no

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er størst  på landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet. Regionen strekk seg frå Sunnmøre til Sunnhordland. Vi har 30 rådgjevarar med ulik kompetanse og tilbyr allsidig rådgjeving innan jord- og hagebruk, bygningsplanlegging, økonomi og næringsutvikling, HMS, miljø og kulturlandskap og økologisk landbruk. Vårt mål er å vere bonden sitt fyrsteval på rådgjeving.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.