Kva er eit godt gjerde?

31.01.2018 (Oppdatert: 11.12.2018)

Bruk av piggtråd skal fasast ut. Kva er reglane? Ulike dyreslag har ulike krav til gjerde. Korleis er kvaliteten på det som er på markedet i dag. Held det mål?

Dårlege gjerde kan vere til fare for dyr. Voss kommune har starta "Piggtrådprosjektet". Ragnhild Bø frå Mattilsynet vil orientere.

Ragnar Vikingstad har etablert firmaet HT-gjerde, og vart sist år nominert som kandidat til innovasjonsprisen i heimkommunen for innsatsen sin knytt til gjerde som skal vare. No reiser han rundt i heile landet og held kurs om gjerde og gjerdehold.

 

Tid:      7. februar kl. 12.30

Stad:   Nye Voss vidaregåande

 

Tid:      7. februar kl. 19.30

Stad:   Park Hotell, Voss

 

Program

  • Tryggleik for dyr i forhold til gjerde og piggtråd. v/Ragnhild Bø, Mattilsynet
  • Kva er eit godt gjerde? v/Ragnar Vikingstad, HT-gjerde
  • Gjerdeteknikkar v/Ragnar Vikingstad

 

 

På Nye Voss vidaregåande vert det pause med kaffi og kake. Møtedeltakarane har sjølv høve å kjøpe seg mat frå kantina.

Enkel servering med kaffi og rundstykke på kveldsmøtet på Park

 

Arrangør:

Ragnar Vikingstad HT-gjerde, Voss Grunneigarsamskipnad, Norsk Landbruksrådgiving Vest



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.