Krinsmøte i NLR Vest

12.02.2018 (Oppdatert: 12.02.2018) | Nyhet

Regionen som NLR Vest dekkjer er delt inn i 11 medlemskrinsar. No i februar har vi medlemsmøte i alle krinsane.

Godt oppmøte på krinsmøtet i Ytre Midthordland, 8. februar. Fagtema var mellom anna strategi for fôring og grasdyrking i eit klima med meir nedbør. Olav Botnevik vart vald som utsending til årsmøtet for to år.

På krinsmøta vert det orientering om arbeidet i NLR Vest i 2017, vi drøfter planar framover og medlemane kan kome med si meining om drifta, og ynskje om nye problemstillingar og oppgåver som NLR Vest bør ta tak i. Det vert vald utsendingar som skal representere krinsen på årsmøtet i NLR Vest i Bergen 20. mars 2018. Valnemndene har kome med forslag til kandidatar, LES MEIR HER. På kvart krinsmøte er det også ein fagdel med tema som er tilpassa krinsen. Vi oppmodar alle medlemane til å kome på krinsmøta. Vel møtt.

 

 

Oversikt over dei neste krinsmøta:

  • 13. februar:

kl. 19. 30 Krins Sunnhordland, Rosendal, kommunestyresalen, rådhuset 
kl. 19.30 Krins Indre Sogn, Sogndal, Kafe Krydder

  • 14. februar:

kl. 09.30 Krins Indre Hardanger, Hardangertun, Kinsarvik.
Kl. 19.30 Krins Nordhordland, Hagellia Matstove, Knarvik

  • 15. februar:

kl. 19.30 Krins Indre Hordaland, Kveik Kafe, Voss
Kl. 19.30 Krins Nordford, Scandic Nordfjord Hotell, Nordfjordeid

  • 19. Februar:

kl. 10.30 Krins Hardanger Midthordland, Bjørkheim, Samnanger
Kl. 19.30 Krins Sunnfjord, Førde

  • 28. Februar:

kl. 11.00 Krins Sunnmøre, Tine meierier, Ålesund



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.