Klimasmart Landbruk Sogn og Fjordane

13.06.2018 (Oppdatert: 13.06.2018) | Nyhet

Landbruket er ein del av løysinga mot klimaendringane i ei verd der behovet for mat aukar, medan tilhøva for matproduksjon blir vanskelegare. I Noreg står norsk landbruk for om lag 8 % av det totale klimagassutsleppet og er eit føregangsland for eit klimavenleg landbruk, men me kan ble betre. I Norsk Landbruksrådgiving Vest har me derfor sett i gong prosjektet Klimasmart Landbruk Sogn og Fjordane. Prosjektet har som mål å forbetre gjødslingspraksisen på kjøt- og mjølkeproduksjonsbruk, for å få ein meir balansert og klimavenleg gjødslingspraksis. Prosjektet vil ta i bruk Kretsløpstolken for å få ein god næringsstoffbalanse på gardsbruket.

Kretsløpstolken er eit verktøy for berekning av krinsløpet for nitrogen (N), fosfor (P) og karbon (C) på eit mjølkeproduksjonsbruk. Modellen er basert på den nederlandske modellen Kringloopwijzer, som har vore i bruk i Nederland i over 10 år. Brukarane av modellen i Nederland ligg om lag 2-3 år framfor miljømåla som er sett for mjølkeproduksjon i landet. Kretsløpstolken er allereie utprøvd i Kvinnherad og har vist store variasjonar blant deltakarene. Den største variasjonen fann dei i samband med spreiing av husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Det viser seg at ei betre utnytting av næringsstoffa vil i dei fleste tilfella gje mindre miljøbelastning og betre økonomisk resultat.

Prosjektet startar i august og held fram til sommaren 2019.

Som deltakar vil du få:

  • Kretsløpstolkanalysar og analyse gjennom NLR Surfôrtolken av grovfôret
  • Fagmøte med Jørn Viste som har god erfaring med Kretsløpstolken
  • Markvandringar
  • 2 Maskindemonstrasjonar blir arrangert i august
  • Møte i studiegruppe

Det er plass til 20 deltakarar i prosjektet. Ved større påmelding må vi plukke ut dei bruk som skal vere med.

Er du mjølkeprodusent i Eid, Hornindal eller Stryn, kan du melda deg på prosjektet

Påmeldingsfrist: 25. juni

Ynskjer du å melde deg på eller treng meir informasjon. Ta kontakt med Dag-Arne Eide eller Randi Hodnefjell

Dag-Arne Eide, tlf. 95812790, e-post: dag-arne.eide@nlr.no

Randi Hodnefjell, tlf. 92642868, e-post: randi.hodnefjell@nlr.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.