Kalking frå helikopter -Ting kalking no!

12.02.2018 (Oppdatert: 12.02.2018) | Nyhet

Vi har tidlegare skrive om kalking frå helikopter. Her kjem meir opplysningar om prisar m.m. Bestillingsfrist er 10. mars

Alle nord til Voss får kalken frå lageret til Miljøkalk i Sandeid. Om det er interesse lengre nord, kan Miljøkalk tilretteleggja for fleire lager.

Her finn du BESTILLINGSSKJEMA 

Dei som tidlegare har meldt interesse får eigen e-post frå oss.

Opplegget blir det same som tidlegare år, dvs. at NLR Vest tek imot bestilling av kalk frå dykk. Pegasus Helicopter AS tek seg av spreiejobben.

Miljøkalk AS leverer kalken. Nytt i år er at dei også har overteke det administrative arbeidet med kalkinga.

  • Kalkinga blir utført rett etter påske.
  • Det blir nytta AGRIDOL Vanleg dosering er 350 kg pr. dekar. (inneheld 12,5 % magnesium)
  • Bestillingsfrist 10.mars
  • Pris:
    • Sør for Hardangerfjorden 2250 kr pr. tonn ferdig spreidd.
    • Nord for Hardangerfjorden, høgare pris grunna auka transportprisar på bulk.

 

Erfaringar frå Dalane synte gode resultat av regelmessig helikopterkalking. Beita vart grønare og heldt seg godt utover hausten. Lammetilveksten vart betre etter dette.

Les meir her:  https://rogaland.nlr.no/media/ring/1218/helikopterkalking%20beite.pdf

Pris på kalking av 50 dekar beite:

Helikopterkalking på 50 dekar beite, med pris på 2250 kr pr. tonn ferdig spreidd, totalt 17,5 tonn kalk. Pris 39400 kr. Tommelfingerregel: pH stig med 0,1 eining for kvar 100 kg  grovdolomitt. Har ein beite med pH på 5,4 så vil pH stiga til ca. 5,7 ved denne kalkinga.

Her finn du BESTILLINGSSKJEMA 

Vil du tinga eller har spørsmål kan du ta kontakt med oss på tlf. 98245838

eller e-post: helena.elvatun@nlr.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.