Jordprøvesesongen er i gang- Sjekk gjødslingsplanen din!

05.09.2018 (Oppdatert: 10.09.2018) | Nyhet

Fleire av rådgjevarane har vore ute og teke dei første jordprøvene for i haust. Vi prøvar å kome i gang så tidleg som mogleg for at vi skal rekke over før det blir for surt og kaldt. Vi har laga lister over dei som bør ta nye prøver i år.

Vanleg rutine er at vi tek jordprøver kvart 4. eller kvart 8. år. Enno er vi ikkje komne "rundt" slik at alle er komne inn i dette systemet. I haust er det først og fremst dei som sist tok jordprøver i 2013 eller tidlegare vi prioriterer. Gjødslingsplanen skal lagast på bakgrunn av jordprøver som kan vere inntil 8 år gamle. Difor kan vi lage ny gjødslingsplan også til dei som har prøver frå 2013. Det er likevel ønskjeleg at flest mogleg kjem inn i eit system med jordprøvetaking kvart 4. eller kvart 8. år. Vi lagar normalt ny gjødslingsplan kvart 4. år.

 

Dersom ny leigejord kjem til, eller andre viktige endringar skjer, kan det vere behov for jordprøver mellom dei faste tidspunkta. Sjå over gjødslingsplanen din og kontroller behovet for nye jordprøver. Ta kontakt snarast om du vil ha jordprøver "utanom tur"! Vi prøvar å halde kontroll med behovet for nye prøver og ny gjødslingsplan for alle medlemane, men det er bonden sitt ansvar å ha orden på dette. 

 

Jordprøvetaking kostar 250 kr for frammøte på garden og 100 kr pr. prøve. I tillegg kjem analysekostnader.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.