NLR Vest har ledig vikariat for rådgjevar med kompetanse på HMS i landbruket, 100 % stilling

30.04.2018 (Oppdatert: 16.05.2018) | Nyhet

NLR Vest har ledig vikariat for rådgjevar med kompetanse på og interesse for HMS i landbruket. Vikaren får arbeidsplass ved kontoret vårt i Ørsta eller på Sandane. HMS-rådgjevaren skal i hovudsak arbeide på Sunnmøre og i Nordfjord, og samarbeider med bedriftshelsetenesta i området.

Ein stor del av arbeidet er HMS-besøk på gardane knytt til avtalane bøndene har om bedriftshelseteneste. Arbeidet som HMS-rådgjevar krev mykje reiseverksemd, og det kan verte lange arbeidsdagar. NLR Vest har tre fast tilsette rådgjevarar som arbeider med HMS i landbruket. På grunn av foreldrepermisjon og anna fråvær treng vi ein vikar i 100 % stilling, frå no og ut 2019. Vikaren vil arbeide saman med dei andre HMS-rådgjevarane, og vil også vere med i faggruppe for HMS/Økonomi/Bygg. Opplæring i arbeidsoppgåvene vil bli gitt.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving innanfor fagområdet HMS i landbruket
  • HMS-besøk på gardane med vernerunde
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, demonstrasjonar og kurs
  • Informasjonsverksemd
  • Andre oppgåver, mellom anna innan bygningsteknikk eller maskinteknikk, etter avtale.


Vi tilbyr:

  • Varierte, utviklande og interessante arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø med tru på landbruket
  • Dyktige og positive medarbeidarar med høg fagleg kompetanse
  • Gode høve for fagleg utvikling
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi ynskjer ein medarbeidar med:

  • Interesse for og kompetanse på HMS og landbruk
  • Relevant utdanning og erfaring på fagområdet
  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd


Søknadsfrist: 25. mai 2018

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:  Dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no ,

mobil: 98245830. Søknaden skal merkast "Vikar HMS-rådgjevar" og skal sendast på e-post til NLR Vest SA: vest@nlr.no

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er den største  landbruksfaglege rådgjevingsorganisasjonen på Vestlandet. Vår region strekker seg frå Sunnhordland til Sunnmøre. Vi har 32 rådgjevarar med ulik kompetanse som tilbyr bonden rådgjeving og kunnskapsformidling innan jord- og hagebruk, bygningsplanlegging, økonomi og næringsutvikling, HMS, miljø, kulturlandskap og økologisk landbruk. Vårt mål er å vere bonden sitt fyrsteval innan rådgjeving.