Håkon er på hogget!

07.06.2018 (Oppdatert: 07.06.2018) ,  Arve Arstein | Nyhet

Denne veka (veke 23) er Håkon Langeland, Guddal i Fjaler kommune, godt i gang med slåtten. Han driv heimgarden på Langeland (1429/125/2) på tredje året. Husstanden tel seks personar: Kona Line Langeland, og ungane Michelle (10 år), Emma Linnea (7 år), Liam (4 år) og Daniel (3 år). Før dei flytta til Guddal budde dei i Førde, og Håkon var sjåfør i ulike transportfirma i over 10 år.

Daniel (3 år), far Håkon og Liam (4,5 år) i flott 2. års eng som vart hausta onsdag 5. juni etter å ha lege til tørk i streng i 24 t.

Agronomen

Håkon har verkeleg teke sats og gått inn i sitt nye yrke med full tyngde. To år på vaksenagronomutdanninga på Mo er unnagjort, og han kan med rette titulere seg som agronom. I landbruksrådgjevinga har vi merka oss ein ny og aktiv medlem som deltek på kurs og fagsamlingar gjennom året, og Håkon er rett som det er "på tråden" og vil diskutere ulike faglege ting.

 

Gardane på Langeland er svært fine med flate og godt arronderte areal dominert av sandjord. Håkon driv med mjølkeproduksjon (220 t kvote) og fôrar fram oksekalvane til gourmetkalv. Grovfôrbehovet er litt større enn dagens produksjon, så difor er det arbeid på gong med å auke slåttearealet. I år fekk han ut husdyrgjødsla tidlegare enn dei fleste, og mineralgjødsla vart spreidd før siste nedbøren kom torsdag 10. mai. Enga står såleis fint på Langeland i desse dagar. Attlegget, som vart sådd 16. mai, står i stampe. Rikeleg med vatn i elva som renn langs eigedomen, gjer at det vert ei råd med det og.

Frøblanding og hjort

Mykje hjort skapar utfordringar i grasproduksjonen. Håkon har difor sådd attlegget i år med ei blanding med eit lågare timotei-innhald enn tidlegare. Tre deler beiteblandinga med 50% timotei og 1 del strandsvingel Swaj er eit forsøk på å styre utviklinga i enga betre. Hordane med hjort har ført til at enga "eldest" tidleg, og avlingsmengda fell raskare enn ynskjeleg. Tanken er at strandsvingel, som er eit bladgras som toler beiting betre enn timotei, skal halde avlingsnivået oppe i litt fleire år enn kva som har vore tilfelle før. Det vart også vurdert å nytte litt fleirårig raigras i blandinga. I år vart det ikkje gjort, men kanskje bør det inn. Risikoen er at dei flate areala kan få litt tøffe vintertilhøve med isdekke.

Trivsel

Håkon trivst svært godt i sitt nye yrke. -Eg likar det mykje betre enn eg hadde trudd-. Han seier at det er heilt uaktuelt å ga attende til anna arbeid. I fjøsen har dei hatt mjølkerobot sidan 2011 (eldre fjøs som er ombygt). Far Atle er framleis med i drifta, så dei har stor arbeidskapasitet når det trengst. Kona Line arbeider i barnehagen i bygda og har kontroll i heimen. Håkon er ærleg på at dette gjer at han kan legge ned mange arbeidstimar i garden gjennom året, og såleis vidareutvikle garden etter foreldra sine. Han vil gjerne ta meir landbruksutdanning når det kjem nye tilbod om dette knytt til Fagskulen og Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.