Grovfôrsituasjonen i Hordaland

10.09.2018 (Oppdatert: 10.09.2018) ,  Helena Elvatun | Nyhet

I summar har me i NLR Vest i samarbeid med andre landbruksorganisasjonar hatt møte angåande grovfôrsituasjonen. Det såg lenge ut til at avlinga skulle blir svært låge fleire stader. Men august-regnet redda avlinga for mange, og dei fleste fekk ein god 3.slått. Beite ser også ut til å retta seg opp fleire stader.

Avlinga varierer også svært mykje frå bygd til bygd og frå gard til gard. Det var spesielt område med lite nedbør og sandjord, som kom dårleg ut i 1.slått. Dette er område som Ølve, Bømlo, Norheimsund, Hatlestrand, Tørvikbygd, Eidfjord og Voss. Område med tyngre jordartar som silt og leire, og område med lokal nedbør i løpet av sumaren, melder om gode avlingar. Dette er område som Omvikdalen og Nordhordland. På figur 1 under, ser ein nedbørsmengd totalt for mai, juni og juli. På figur 2 ser ein gjennomsnittstemperatur for same periode. Temperaturen er i snitt 2 grader høgare enn normalen.

Figur 1

Figur 2

Figurane viser nedbør og temperatur frå vêrstasjonar i Hordaland. Data er henta ut frå Meteorologisk institutt. Søylediagrammet i figur 1 viser samla nedbørsmengd for mai, juni og juli  2018 (mørkeblå søyler) og normtal frå 1960-1990 (lyseblå søyler). Søylediagram figur 2: Gjennomsnittstemperaturen for mai, juni og juli i 2018 (oransje) og normtal (lys farge).

 

Situasjonen angåande avlingssvikt er verre austover og sørover, men det er mange som også får for lite her i Hordaland. Det er gjerne bønder som kjøper fôr i eit normal år. Me ser no at prisane har nådd toppen, og håper dei stabiliserer seg etter kvart. Det vil også bli noko grovfôr til sal i nærområde. Om du har noko til sal, eller du ynskjer å kjøpe. Legg det gjerne ut på grovfôrformidlingsida vår: https://vest.nlr.no/tenester/grovforformidling/

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.