Grasprøver tekne måndag 28. mai, Voss og Breim

01.06.2018 (Oppdatert: 01.06.2018) | Nyhet

På Voss var dette andre prøva på Tøn i Tjukkabygde. Det er gått 6 dagar mellom prøvene. Fôreiningskonsentrasjon er gått ned frå 0,95 FEm/kg TS til 0,91. Nedgangen er kanskje ikkje så stor som forventa, jfr. drivande vér; men energiverdien i timoteieng går raskare ned etter skyting.

I Felde i Breim låg energiverdien på ei rein timoteieng på 0,97 FEm/kg TS ved prøvetaking sist måndag.

Råprotein i prøva frå Flede er litt over 17% av TS; noko som gir ein PBV på 25. På dei 6 dagane mellom prøvene på Voss har innhaldet av råprotein har gått frå over 20 og ned til 17. PBV-verdien ligg no på 27. Dette er ikkje særleg høgt på så energirikt fôr.

Fiberinnhaldet auker med aukande utviklingstrinn. Varmt og drivande vér vil gje meir ufordøyeleg fiber. På Voss har NDF-innhaldet gått frå 550 g i første prøva til 600 i den siste. Av dette er 100 g ufordøyeleg i den første prøva, og 140 g i den siste. I prøva frå Felde er det over 560 g NDF og av dette er nesten 120 g ufordøyeleg.

Begge bøndene har slått enga denne veka og har fått hausta inn eit godt mjølkefôr. Hadde enga vorte ståande lengre i det same véret ville vi sannsynlegvis sett ein krafig auke i fiberinnhald og rask vidare nedgang i kvalitet.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.