Grasprøve på Voss med 0,95

29.05.2018 (Oppdatert: 30.05.2018) | Nyhet

Årets første grasprøve vart teke tysdag 22. mai på Tøn på Voss. Tøn ligg i Tjukkabygde og er ein av dei tidlege plassane på Voss. Enga det er teke prøver av er ei 2. års eng, dominert av timotei.

Grasprøve 22. mai, Voss

Energi: 0,95 Fem/kg TS
Råprotein: 20,8% - tilsvarar 58 i PBV
NDF: 54,8 % fiber
iNDF: 108 g/kg NDF - ufordøyeleg NDF 
Vassløyseleg karbohydrat: 114 g/kg

Innhaldet av råprotein er høgt. Mange plassar vert det kort tid mellom gjødsling og slått i år, og proteininnhaldet vert høgt. Mange plassar er enga nokså tynn, og når vi har gjødsla til ein forventa avlingsmengde som er høgare enn faktisk avling, vil dette gje utslag i høgt proteininnhald. Dette må vi vere obs på ved dosering av ensileringsmiddel: Ved høgt innhald av protein i graset må vi auke dosering, då det krevst meir syre for å senke pH.

Kvaliteten på timotei går rask ned etter skyting. Det vart teke ei ny prøve i går. Med det drivande véret som har vore siste veka forventar vi at denne prøva har gått ein del ned i energiinnhald.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.