Grashausting i seinare strok

21.06.2018 (Oppdatert: 21.06.2018) ,  Mari Aker | Nyhet

I indre og høgareliggjande strok er det enno ein del gras som ikkje er hausta. Etter skyting avtek bladveksten. Om graset er skote, bør du hauste så fort finveret kjem att – sjølv om enga er tynn og låg!

Ved høge temperaturar går utviklinga i graset raskare enn ved lågare temperaturar. Resultatet av ein forsommar som me har hatt i år, er at perioden graset produserer blad vert kortare, og avlinga vert låg. Tørkestress forsterkar dette; dersom det er mangel på vatn vil enga skyte tidlegare.

 

Grasprøve teke på Vossestrand tysdag 12. juni

Det varme veret har verka drivande på graset og timoteien var skoten tidlegare enn 'normalt'. Analysen viser at næringsverdien i 1. års timoteieng (på Vinje, Vossestrand) er 0,84 FEm/kg tørrstoff. Innhaldet av fiber er høgt; 618 g per kg tørrstoff. Av dette er 190 g ufordøyeleg; noko som også er høgt. Fiberinnhaldet aukar med aukande utviklingstrinn. Denne aktuelle enga er hausta, men kvaliteten i tilsvarande, ikkje hausta, eng i dette området, er nok klart på hell no. Det er 10 dagar sidan denne prøva blei teken.

Proteininnhaldet varierer etter gjødslingsmengd og -tidspunkt. I denne enga har det blitt tilført ca. 13 kg nitrogen gjennom gylle og mineralgjødsel. Mineralgjødsla vart spreidd i slutten av mai, og forventa hausting ville normalt vore rundt Jonsok. Innhaldet av råprotein er 15,7 %; noko som gir ein PBV på 21. Dette er 'rett' innhald i forhold til utviklingsstadiet/energiinnhaldet, men det kan også tyde på at ikkje all gjødsla har blitt teke opp. Normalt ville proteininnhaldet vore mykje høgare når det berre er tre veker sidan gjødsla vart spreidd.

 

Tabell 1. Næringsinnhald i grasprøve

FEm

Råprotein

 

PBV

AAT

Fordøyeleg

organisk stoff

Vassløyseleg karbohydrat

'sukker'

Fiber (NDF)

Ufordøyeleg fiber (iNDF)

0,84

16

21

79

68

11,4

618

191

Fem /kg TS

% av TS

g/kg TS

g/kg TS

% av TS

% av TS

g/kg TS

g/kg NDF

 

Tabell 2. Mineralinnhald i grasprøve

Aske

P

Mg

Ca

K

S

K/N-

5,1

0,26

0,12

0,27

2,5

0,26

1,0

% av TS

% av TS

% av TS

% av TS

% av TS

% av TS

forhold



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.