Godkjenning av åkersprøyter i 2018

23.03.2018 (Oppdatert: 23.03.2018) | Nyhet

Effektiv kamp mot ugraset krev gode kunnskapar hos brukarane. Samstundes må det tekniske utstyret vedlikehaldast og innstillast på rett måte. Når desse forholda er på plass, kan ein oppnå godt ugrasreinhald, med lågare forbruk av plantevernmiddel. Ein kan tillate seg færre sprøytingar, og litt lågare dosar ved kvar sprøyting. Dette er ei hovudmålsetting med «Funksjonstestinga» av åkersprøyter.

Pumpe med god kapasitet, nøyaktig manometer, gode silar og dyser utan skade og slitasje – er eit godt utgangspunkt. Denne sprøyta i Bondalen gav feilfri væskefordeling under bommen.

Nytt av året er at alle sprøyter med bombreidder over 3 m skal godkjennast. Dette gjeld sprøyter tilpassa ATV.

  • På Sunnmøre blir det nytt tilbod om testing i mai-juni i år. Vi tek imot påmeldingar alt no.                             Påmelding til Olav Martin Synnes, 99573688, innan 25. april.
  • I Sogn og Fjordane blir det i hovudsak testing frå august til oktober.                                                           Påmelding til Edvin Hugvik 41295868, edvin.hugvik@nlr.no
  • I Hordaland vert det testing i slutten av mai, i juli og september/oktober.                                                     Påmelding til Leif Trygve Berge 98245839, leif.trygve.berge@nlr.no 

 

Det er fint med lokal samordning, slik at vi får testa fleire sprøyter i same bygd. I slike tilfelle gir vi rabatt. 

Prisar

• For medlemar: 2300 kr
• Medlem i gruppe: 2000 kr
• Ikkje medlem: 3500 kr



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.