Fyrstehjelpskurs -tilpassa landbruket

20.08.2018 (Oppdatert: 20.08.2018) | Nyhet

ØYSTESE, 28. september, Kvam Fruktlager, kl 12.00 - 15.00 VOSS 2. oktober, Kveik lokaler, kl. 12.00 - 15.00

Foto: Erik Stedje

Kurset tek føre seg:

Fyrstehjelp-sjølvhjelp-førebygging

-Sikring av skadestad
-Hjarte- og lungeredning
-Sirkulasjonssvikt
-Handtering av sår og kuttskader
-Praktiske øvingar

Kurset er etter mal frå Norsk Førstehjelpsråd, og legg vekt på dei grunnleggande fyrstehjelpsprinsippa. Kurset er retta spesielt inn mot landbruket;  korleis få til fyrstehjelp når ein jobbar åleine, kva kan du sjølv gjere med eigne skader,  korleis sikre skadestad i ein binge med storfe, korleis handtere fare for gass eller oksygenmangel? Landbruket er ei utsett næring med relativt mange alvorlege skader, difor er og aktiv førebygging ein del av kurset.
 
Har du gått kurs før? Hugs at fyrstehjelp er ferskvare og skal ytast i ein kritisk situasjon – Din innsats kan redde liv!

Kurset er delfinansiert av Hordaland Fylkeskommune

Pris: HMS-avtale 300,- medl NLR 500, andre 700,-

Kontakt: Charlotte Joys charlotte.joys@nlr.no 41124222

 

PÅMELDINGSSKJEMA



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.