NLR Vest har ledig vikariat for rådgjevar med kompetanse på fruktdyrking, 100 % stilling

30.04.2018 (Oppdatert: 16.05.2018) | Nyhet

Ved kontoret vårt på Lofthus i Hardanger har vi ledig vikariat for rådgjevar med kompetanse på fruktdyrking. NLR Vest leiger kontor på NIBIO Ullensvang, der det er eit sterkt og aktiv fagmiljø innan fruktdyrking.

NLR Vest har fire fast tilsette rådgjevarar ved kontoret. På grunn av foreldrepermisjonar og anna fråvær treng vi ein vikar i 100 % stilling, frå no og ut 2019. Vikaren vil arbeide tett saman med dei andre rådgjevarane på fagområdet, og vere med i faggruppe for frukt og bær. Opplæring i arbeidsoppgåvene vil bli gitt.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving til fruktdyrkarar innanfor jord- og plantekultur
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, demonstrasjonar, kurs og prosjekt
  • Informasjonsverksemd
  • Registreringsarbeid i samband med forsøk, plantevern og prognosar
  • Andre oppgåver, mellom anna innan bærdyrking, etter avtale.


Vi tilbyr:

  • Varierte, utviklande og interessante arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø med tru på fruktnæringa
  • Dyktige og positive medarbeidarar med høg fagleg kompetanse
  • Gode høve for fagleg utvikling
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi ynskjer ein medarbeidar med:

  • Interesse for, erfaring med og kompetanse på fruktdyrking
  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan jord- og plantekultur
  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd


Søknadsfrist: 25. mai 2018

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:  Dagleg leiar Liv Lyngstad, liv.lyngstad@nlr.no ,

mobil: 98245830. Søknaden skal merkast "Vikar rådgjevar frukt" og skal sendast på e-post til NLR Vest SA: vest@nlr.no

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er den største  landbruksfaglege rådgjevingsorganisasjonen på Vestlandet. Vår region strekker seg frå Sunnhordland til Sunnmøre. Vi har 32 rådgjevarar med ulik kompetanse som tilbyr bonden rådgjeving og kunnskapsformidling innan jord- og hagebruk, bygningsplanlegging, økonomi og næringsutvikling, HMS, miljø, kulturlandskap og økologisk landbruk. Vårt mål er å vere bonden sitt fyrsteval innan rådgjeving



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.