Erstatningsordninga for avlingsskadar

10.09.2018 (Oppdatert: 10.09.2018) ,  Helena Elvatun | Nyhet

30. august var forhandlingane mellom Staten og jordbruket ferdig. Det vart då løyvd 525 millionar kroner i ekstra kompensasjon som følgje av den tørre sommaren.

Det vart  vedtatt at erstatningsordninga for "Grovfôr i føretak med husdyr" blir heva frå 3,85 kr til 5,40 kr per FEm. Ein heva også maksutbetalinga for ordninga frå 750 000 kr per føretak til 1 500 000 kr. Fylke og kommunar som er hardast ramma av tørka, får auka husdyrtilskot. Dette gjeld ikkje kommunar i vår region*.

 

Erstatning for avlingsskadar gjeld klimaskader. Føretaket som søkjer må ha rett til produksjonstilskot. Søknadsfristen er 31. oktober. Søknaden skal leverast på Altinn. Slik ordninga er i dag, blir forventa avling rekna ut frå normavling. Denne er bestemt ut frå "forskrifter om satser for og beregning av erstatning ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon".

Les meir her:  Forskrift om satser for og beregning av erstatning ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon (sats- og beregningsforskriften). I Hordaland og Sogn og fjordane er normavlinga sett til 540 kg FEm/daa på fulldyrka og 430 kg FEm/daa på overflatedyrka. Sjå tabell under.

 

Tabell: Oversikt over normavling. Hordaland og Sogn og fjordane er under gruppe 3. Sjå lovdata.no for meir informasjon om dei ulike gruppene. Tabell henta frå lovdata.

 

Landbruksdirektoratet har oppheva vedtaket om at kommunane skal delta i oppmåling av grovfôrlager hjå produsentane som søkjer avlingssvikterstatning. Produsentane som skal gjennomføra oppmålinga er no ansvarleg for å oppgje rett mengde.

OBS: Bønder som er ramma av avlingssvikt grunna den tørre sommaren i år, kan etter søknad få utsett frist for gjennomføring av investeringsprosjekt.

 

*Avtalen må formelt sett godkjennast av Stortinget, før den trer i kraft

 

Utrekning av forventa avling

 540 FEm x dekar fulldyrka

+ 430 x dekar overflatedyrka

= Forventa avling

- 30 % eigen risiko, FEm

- avling i skadeåret, (innhausting og beite).

= Avlingssvikt i skadeår

x erstatningssats 5,40 kr pr.          

    FEm    

                          

=Erstatningsgrunnlag

 

 

Utrekning av avling:

  Oppmålt fôrlager

-overlagra fôr

+ selt fôr

+ beiting på fulldyrka/overflatedyrka jord

= Avling i skadeåret



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.