Det løner seg å kjøpe gjødsel no!

26.09.2018 (Oppdatert: 26.09.2018) ,  Arve Arstein | Nyhet

Dei siste tre åra har Fullgjødsel i gjennomsnitt vore 15-19 % billegare i september enn i mars året etter. Forhandlarane ynskjer å få ut ein del gjødsel om hausten for å lette arbeidet til våren, og difor lokkar dei med rimelegare gjødsel no. Fleire burde slå til!

Foto: Dag-Arne Eide

Terminpris på fullgjødsel

Fullgjødsel har hatt ei nokså lik prisutvikling gjennom året i mange år; den er billegast tidleg om hausten og dyrast i mai. Denne planlagde prisauken gjennom vinteren (terminpris-systemet) skal motivere til tidleg gjødselkjøp, slik at forhandlarane sparer lager og får betre fordeling av arbeidet med gjødselutkøyring. Historikken siste tre åra syner at det har vore fornuftig å handle gjødsel tidleg. Prisoppgangen fram til mars året etter har vore 18% (2015-2016), 19% (2016-2017) og 15% (2017-2018). Sjølv om ein må låne desse pengane, vil dette vere ei fornuftig investering.

 

Utelagring

Les meir om dette på Yara sine nettsider her: Lagring av mineralgjødsel

 

Pris pr kg nitrogen i ulike typar mineralgjødsel pr. 1. sep. 2018. Kjelde: Felleskjøpet Agri

 

Pris på Fullgjødsel siste åra

Om vi samanliknar gjennomsnittspris på Fullgjødsel pr. 1. september dei fire siste åra, ser ein at gjødsla var billegast i 2016. I 2015 var prisen 12% høgare enn i 2016, i 2017 var prisen 5% høgare enn i 2016. No i september 2018 er prisen på fullgjødsel på same nivå som i september 2015. Det betyr i praksis at gjødselprisen er lågare i dag enn i 2015.

 

Pris på nitrogengjødsel

Gjødseltypane OPTI-NS og kalksalpeter er ikkje omfatta av terminpris-systemet.  I teorien kan prisutviklinga på desse gjødseltypane vere ulik Fullgjødsla. Diagrammet under viser prisutviklinga på OPTI-NS 27-0-0 (4S) dei siste tre åra; utan tvil har det lønt seg å handle inn også denne gjødsla om hausten.

Kalksalpeter er ein dyr gjødseltype, som vi berre tilrår å nytte når ein ynskjer svært rask effekt. Bruksomfanget av denne gjødsla er låg på Vestlandet.

Prisutvikling på OPTI-NS 27-0-0 (4S) dei siste tre åra. Kjelde: Felleskjøpet Agri



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.