Bondekafé Voss

11.01.2018 (Oppdatert: 11.01.2018) | Nyhet

Landbruksrådgjevinga inviterer til bondekafé med tema brunstproblematikk/cystar og drenering av jordbruksjord.

Tid:        Tysdag 16. januar kl. 11.00

Stad:     Kveik kafé – møtelokale (tidlegare indremisjonskaféen)

 

Mange bønder er i avslutninga av brunstsesongen. Cystar er ei større utfordring enn før. Kan vi påverke førekomsten av cystar? Vi har med oss inseminør og veterinær som vil snakke om brunstproblematikk med hovudvekt på cystar.

 

Vekstsesongen 2017 var våt og kald – og dårleg drenerte bakkar har fått store køyreskadar, eller ikkje vorte hausta. Trygve Torsteinsen har helde mange kurs om drenering og vil her komme med sine beste tips til korleis du gjer jobben. Voss kommune vil orientere om tilskotsordningar.

 

Program:

  • Inseminering og cystar v/ Lars Inge Haavik, inseminør
  • Brunstproblematikk og cystar v/ Hildegunn Mugås, veterinær ved Hestavangen Dyreklinikk

Formiddagsmat og kaffi

  • Gode tips til drenering v/ Trygve Torsteinsen, Norsk Landbruksrådgiving Vest
  • Tilskotsordningar til drenering v/Kari Mostad, Voss kommune