Auke i gjødselprisane

18.01.2018 (Oppdatert: 11.12.2018) Arve Arstein, Dag-Arne Eide

Som tidlegare år syner det seg at prisane på gjødsel stig utover vinteren. Også for nitrogengjødsel, som ikkje er terminvare, ser vi ein betydeleg auke frå i haust og fram til no.

 

 

Diagrammet syner prisen pr. kg nitrogen i dei ulike gjødseltypane. Prisane er henta frå ein leverandør, og kan såleis avvike noko frå dette.

 

Pristilhøve mellom dei ulike typane er som før. Fullgjødsel 18-3-15 er så dyr at han berre unntaksvis bør brukast.

"22-typane" er forholdsvis like i pris. Desse er mest aktuelle på eng utan bruk av husdyrgjødsel, på beite og på eng med husdyrgjødsel der jorda er kaliumfattig. Fullgjødsel 22-3-10 er den einaste av desse som finst i småsekk. Det er gledeleg å sjå at den fosforfrie gjødsla 22-0-12 har same pris som 22-3-10. Den kan såleis vere aktuell på fosforrik jord, eller på areal der husdyrgjødsla dekkjer fosforbehovet, men ikkje kaliumbehovet.

25-2-6 er den billegaste og mest brukte fullgjødsla. Den vil ofte vere ein "konkurrent" til OPTI-NS på bruk med husdyrgjødsel, og der jorda er kalium- og fosforrik. Nitrogenprisen i Fullgjødsel 25-2-6 er no 4 kroner høgre enn i OPTI-NS. Dette betyr at det kostar 40 kroner meir pr. dekar å bruke 25-2-6 i høve til OPTI-NS når ein har på "vanleg" mengde husdyrgjødsel på 1. slått, og skal supplere med mineralgjødsel (t.d. 10 kg N).

SULFAN er ein nitrogengjødseltype med 24 % nitrogen og 6 % svovel. Så langt har vi ikkje sett behov for å bruke denne. Erfaringane med OPTI-NS med 4 % svovel er gode. Prisen på denne blir også noko lågare enn for SULFAN.

Kalksalpeter har låg kilopris, lite nitrogen og svært høg pris pr. kg nitrogen.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.