Vil du bli med i mentorordning i landbruket?

09.11.2017 (Oppdatert: 09.11.2017) | Nyhet

Norsk Landbruksrådgiving inviterer til eit prøveprosjekt med mentorordning for unge bønder i Sogn og Fjordane, som heiter "Bonde hjelper Bonde". Er dette interessant for deg, eller veit du nokon som kan ha interesse av dette?

Her ser vi Kjell Ivar Bergehagen som er mentor for Agnete Fauskerud. Han har mange års erfaring med sau, og deler sin kunnskap. Begge er svært godt nøgde med opplegget for mentorordninga.

 

Opplegget er lagt opp til at ein ung bonde gjer avtale med ein erfaren bonde som diskusjonspartnar i drifta. Mentor må ha erfaring innafor tradisjonelt landbruk eller andre landbruksbaserte næringar.

 

Mentorpara får opplæring i kva opplegget går ut på, og kva det vil seie å vere mentor før ein set i gong. Dei vert knytta til ein regionkontakt, og det blir eit møte før ein startar opp.

 

Mentorordninga er støtta med midlar over Jordbruksavtalen, og er utvikla i dialog mellom Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og NLR. Innovasjon Norge er involvert på regionnivå.

 

Ordninga starta for eitt år sidan, og mange av dei som har vore med dette året melder tilbake om godt utbytte.

 

Regionkontakt for Sogn og Fjordane er Ove Sørestrand, og det er berre å ta kontakt for meir informasjon. Mobil: 95138819, e-post: ove.sorestrand@nlr.no

Søknadsfrist er 1. desember.

Søknadsskjema og meir informasjon finn du her:

https://www.nlr.no/nyhetsarkiv/2017/mentor/



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.